Hopp til innhold

- Hydro svik årdalssamfunnet

Hydro har planar om å bruke teknologi frå Årdal til å utvide aluminiumverket på Karmøy.

Arild Ingar Lægreid
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det handlar om eit såkalla testpilotanlegg som kan produsere 70.000 tonn aluminium i året. Anlegget skal få det aller siste i teknologi, utvikla ved teknologisenteret i Årdal.

Ordførar Arild Ingar Lægreid er svært opptrekt over planane Hydro har for Karmøy.

– Dette er eit svik mot årdalssamfunnet. Bodskapen vår til Hydro og regjeringa har i mange år vore at no er det Årdal sin tur. No har dei rett og slett stole anlegget vårt, seier han til Sogn Avis.

Til NRK seier Lægreid at han brukar så sterke uttrykk fordi Hydro har fått tilgang til to store kraftanlegg i Årdal og Luster med konsesjon for nye 50 år.

(Artikkelen held fram under biletet).

Porten til Årdal Metallverk i Øvre Årdal

VIL HA UTBYGGING HER: Årdal Metallverk i Øvre Årdal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det var vår tur no

– Dette fekk dei for å kunne tenke langsiktig når dei skulle modernisere i Årdal. Det er enno ikkje innfridd. Det har vore jobba for å få eit storskalaanlegg på rundt 70.000 tonn på søderbergtomta vår. Dette vart lagt vekk under finanskrisa.

– Men det er ikkje tvil om at det no er Årdal sin tur. Vi har vore forbigått ein gong før. No er vi skikkeleg skuffa.

I Rogaland blir utsiktene til å få testpilotanlegget naturleg nok helst velkomen.

Inger Sethov

- POSITIVT FOR NORGE: Kommunikasjonsdirektør Inger Sethov.

Foto: Hydro

Informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro seier til avisa at det ikkje er teke avgjerd enno.

– Vi er i startfasen, og dersom anlegget blir bygd blir det eit løft for heile aluminiumindustrien i Norge og eit kjempeløft for teknologimiljøet i Årdal.

Til NRK seier Molland at dersom planane på Karmøy blir realiserte vil det vere positivt for alle aluminiumverka i Norge.

Kommunikasjonsdirektør Inger Sethov i Hydro seier det som dei har planar om å teste ut på Karmøy er noko som vil kome alle verka til gode, både i Norge og i utlandet.

– Alle dei norske verka, også Årdal og Høyanger kjem til å halde fram med å vere ryggrada i produksjonssystemet til Hydro. Vi må ta eitt steg om gongen, men det at vi no ser på Norge med positive auge er positivt for alle dei norske verka våre.

(Artikkelen held fram under biletet).

Øvre Årdal mars 2013

VONBROT I ØVRE ÅRDAL: Årdølene trudde det var deira tur no.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi skal slåst vidare

Satsinga på Karmøy er og hovudsoppslaget i Dagens Næringsliv i dag.

Ordførar Lægreid vil no jobbe vidare for å få utbygging i Årdal.

– Vi bur no her i Årdal, og vi kjem til å brette opp ermene og slåst vidare. Den venen vi har er regjeringa og Arbeidarpartiet, så vi kjem til å jobbe inn mot dei.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ingrid Heggø.

TEK OPP SAKA I AP: Stortingsrepresentant Ingri Heggø.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Han får støtte frå partikollega og stortingsrepresentant Ingrid Heggø. Ho har alt bede om eit møte med partileiinga.


– Eg er samd med Lægreid i at det burde ha vore satsa i Sogn, og at Hydro iallfall burde ha utgreidd utbygging både i Sogn og på Karmøy. Det ryktast at sognealternativet er billegare og at dei får meir aluminium ut av det enn Karmøy-alternativet.


Til utsegna frå Hydro om at ei satsing på Karmøy også vil kome verka i Sogn til gode har ho denne kommentaren:


– Eg vil tru at dette set ei utbygging av verka i Sogn endå lengre fram i tid. I Sogn har vi ledige tomter og vi har ledig kraft, alt ligg til rette for utbygging.

(Artikkelen held fram under biletet).

Bjørn Øvstetun

- POSITIVT, TRASS ALT: Leiar Bjørn Øvstetun i Årdal Kjemiske Fagforening.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Trass alt positivt

Leiar Bjørn Øvstetun i Årdal Kjemiske Fagforening seier at det trass alt er positivt at Hydro no vil satse i Norge.

– Det er litt synd at det som eigentleg er positivt for Hydro og Norge får ei negativ vinkling. Saman med Billy Fredagsvik har eg argumentert for at det og må kome avklaringar i Sogn. Det må vere den vidare kampen.

Øvstetun meiner det vil drype litt på Årdal også dersom det blir vedteke å byggje testpilotanlegget på Karmøy. Han reknar med at Årdal Karbon får levere anodar til anlegget. Det utgjer i så fall ein auke i anodeproduksjonen på 35.000 tonn i året på Årdalstangen.

Han seier det er litt tilfeldig politisk sett at testpilotanlegget ser ut til å hamne på Karmøy.

– Det er knytt opp til ei sak om elektrifisering av sokkelen og nettkapasitet i Rogaland. Dette er Hydro utfordra på, og no har dei køyrt fram denne saka.

Men også han og dei fagorganiserte i Årdal er overraska og skuffa over at det aktuelle anlegget hamnar på Karmøy.

– Dersom vi snakkar om køkultur, så er det ikkje tvil om at vi er forbigått.

Årdal Metallverk juli 2012

TOMTA ER KLAR: I Øvre Årdal håpar dei Hydro byggjer nytt anlegg der Å3 låg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK