Dette burde ministeren også ha kravd av Hydro, seier kommunepolitikar Hilmar Høl.
- Det er bra at Brende går inn slik han gjer, men det som er viktig for oss er å vise til den kampen vi har i Sogn. Det er ei sak som er heilt lik den som føregår i Norske Skog, seier Høl.
Valkampsak
Situasjonen er altså nærast identisk. Forskjellen er berre at no nærmar valkampen seg, og området rundt Skien er mykje tettare befolka enn i Sogn. Nestleiar i Årdal Kjemiske og kommunestyrerepresentant, Hilmar Høl, meiner Skien får meir gehør enn Sogn i kampen om arbeidsplassar.
Billeg kraft
Hydro har fått billeg kraft til produksjonen i Årdal fram til 2011. Men Hydro prøver å omdisponere krafta i Årdal, trass i produksjonsrekrodar og overskot.
- Likevel er ikkje dette godt nok til å at Hydro skal snu på sine strategiar. Og næringsministeren er jo einig med Hydro, han ville ikkje gripe inn ovanfor dei, seier Høl.