Tor Bremer Arkivfoto NRK
Både Årdal, fylkeskommunen og ikkje minst Hydro vil tene på det om fristen SFT har sett blir utsett, seier Tor Bremer.
Den eldste teknologien i aluminiumproduksjonen - Søderberg-omnane - fører til mykje meir forureining enn den meir moderne teknologien. Difor har Statens Forureiningstilsyn - SFT - kravd at den eldste produksjonen i Årdal og Høyanger blir stansa 1. januar 2007.
SFT vurderer forlenging
Men SFT sa i går at dei er viljuge til å vurdere å forlenge utsleppsfristen, slik situasjonen no er i Årdal, etter at ScanWafer sa nei til etablering. Men Hydro svara då at dei ikkje ville gå inn i den problemstillinga. For fylkeskommunen blir det no å jobbe endå hardare med dei politiske prosessane for å få nye arbeidsplassar i Årdal, seier Bremer.
ScanWafer-pengar til andre
- Mellom anna er det viktig å få ein lovnad frå styresmaktene på at dei pengane som var løyvde til ScanWafer kan overførast til andre bedrifter som ynskjer å etablere seg i Årdal, seier fylkesvaraordføraren.