Hopp til innhold

- Høyanger tapar på ny kraftlinje

- Høyanger kan kome til å tape stort på at den nye kraftlinja frå Fardal til Ørskog blir bygd, meiner leiar i Høyanger Kjemiske, Billy Fredagsvik.

Billy Fredagsvik.
Foto: NRK

No fryktar han at den nye kraftlinja vil bli brukt til å flytte aluminiumproduksjonen frå Høyanger til Sunndalsøra.

I følgje avisa Firda fryktar Billy Fredagsvik at Hydro vil leggje ned produksjonen i Høyanger og overføre den til smelteverket på Sunndalsøra når den store linja står ferdig.

- Enklare å føre krafta ut av fylket

Fredagsvik meiner at når dei nye kraftavtalene skal framforhandlast, vil industrisamfunna i Sogn og Fjordane sitje med dårlegare kort på handa etter at kraftlinja er bygd

- Det seier seg sjølv at det vert enklare å føre kraft ut av fylket med den nye linja.

- Kraft frå fylket vil no bli brukt til å skape arbeidsplassar i andre delar av landet, hevdar Fredagsvik. 

Hydro vil  ikkje gi noko anna kommentar enn at det ikkje er aktuelt å bruke linja til å flytte aluminiumsproduksjonen.