Hopp til innhold

- Helse Førde tvinga til lovbrot

Som sekretær i Helse Førde fekk Linda Dvergsdal i 2008 beskjed om å endre tittel og hindre at andre fekk lese eit brev på postlistene.

Det ope brevet til Helse Førde inneheldt krass kritikk av helseføretaket sin leiar og personalkritikk var, men vart skjult for offentlegheita.

- Eg fekk beskjed om at det skulle skannast inn, men at overskrifta skulle vere "dette" og så skal du sette på paragrafen, fortel Linda Dvergsdal.

- Skjønte kvifor

Linda Dvergsdal

Som sekretær i Helse Førde fekk Linda Dvergsdal beskjed om å døype om og unnta eit brev offentlegheita.

Foto: Privat

Den tidlegare sekretæren meiner leiinga bevisst ville unngå at informasjonen nådde ut til media. Ho opplevde situasjonen slik at ho ikkje hadde anna val enn å gjere som ho fekk beskjed om.

- Då eg såg brevet, skjønte eg at det er ein grunn til at dei døyper om tittelen. Hadde tittelen som stod på brevet blitt skriven inn og publisert i offentleg postliste på nettet, så hadde det vore mediemat med ein gong. Hadde media fått tilgong til det, så hadde nok mykje blitt avslørt, seier ho.

Svært krass kritikk

NRK kjenner innhaldet i det sju sider lange brevet. Det inneheld svært krass kritikk av måten leiinga i Helse Førde driv sin personalpolitikk. Avsendar hadde sagt opp jobben sin etter ein langvarig konflikt med leiinga.

Helse Førde skal arbeide med offentlegheitslova som rettesnor i slike saker. Den skal sikre at helseføretaka er opne og gjennomsiktige for å styrkje demokratiet og ytringsfridomen.

- Undergraving

Ekspert på offentlegheitslova, Gunnar Bodahl Johansen, seier det er svært kritikkverdig å endre eit offentleg brev sin tittel, og å setje paragraf for å hindre at offentlegheita blir kjend med innhaldet.

- Etter mi oppfatning er det ei undergraving av det som er føremålet med lova, og då er det illojalitet mot norsk lov. Det er med på å undergrave demokratiet. Når det blir oppdaga, så svekkjer det tilliten til forvaltinga, seier Bodahl Johansen.

- Del av personalsak

Informasjonssjef i Helse Førde, Arne Eithun, avviser at dei endrar på brev for å hindre at informasjonen skal nå media. Han seier brevet var del av ei personalsak og difor skulle graderast.

- Eg kan avvise at vi bevisst endrar på titlar fordi media ikkje skal få ta del i det som skal vere offentlege. Når det gjeld denne konkrete saka, så stammar den frå ein del år attende. Partane, verken frå leiinga eller den som kritiserer leiinga, er del av Helse Førde lenger, seier han.