Hopp til innhold

- Helse Førde ser ikkje eigne feil

Fylkeslege Petter Øgar fryktar at Helse Førde ikkje ser sine eigne feil, og dermed let vere å rapportere alvorlege hendingar.

Petter Øgar.
Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Av samtlege helseføretak i landet melder Helse Førde frå færrast gonger til Helsetilsynet om alvorlege hendingar. 

Hendingane omfattar alt frå brotne lårhalsar til unaturlege dødsfall i spesialhelsetenesta.

Fylkeslegen: - Urovekkjande

Av dei om lag 2000 meldingane som tikka inn i fjor, kom berre sju frå Sogn og Fjordane.  

- Det er tankevekkjande. Men eg er mest uroa om dette er eit signal om at ein ikkje ser eigne feil og lærar av dei i det daglege, seier fylkeslege Petter Øgar.

I ein rapport frå Helsetilsynet kjem det fram at Helse Førde berre sende inn skriv om sju uønska hendingar i fjor. Til samanlikning leverte Nord-Trøndelag, som har om lag like mange innbyggjarar, heile 57 meldingar. På landsbasis var talet oppe i nesten 2000.

- Ikkje meldekultur

Øgar trur ikkje det låge talet på meldingar er eit bevis på at det skjer færre alvorlege hendingar her i fylket enn andre stader.

- Det ville overraska meg mykje. Eg trur ikkje vi peikar oss ut i verken den eine eller andre retningen. Det må ha noko å gjere med forståinga av kva som skal meldast, og kanskje noko med meldekultur å gjere.

- Terskelen er ikkje for låg

Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, meiner han har sitt på det reine. Han trur ei forklaring kan vere at andre har for låg terskel før dei melder frå.

- Praksisen vår er at vi melder slike hendingar. Vi kan jo ikkje senke terskelen slik at fylkeslegen får altfor mykje å gjere med bagatellar. Det kan jo ikkje vere noko mål.

Vil betre rutinane

Fylkeslegen vil følge med på utviklinga i Helse Førde.

- Vi har nettopp fått dokumentert på eit tilsyn at Helse Førde er i gang med eit større arbeid for å betre meldekulturen internt. Det er positivt. Eg ventar at det vil gje resultat, seier Øgar.