NRK Meny
Normal

- Helse Førde må få meir tid

- Sjukehusa i Sogn og Fjordane må få meir tid til å få orden på økonomien sin, seier styremedlem i Helse Vest, Gunnvor Sunde.

Førde sentralsjukehus
Foto: Øystein Tveiten

Ho ber no styret i Helse Vest utsette kravet til sjukehusa om å gå i null innan utgangen av året.

 

Legge vekk sparekniven

Styremedlem Gunvor Sunde ber med andre ord Helse Vest om å la Helse Førde få legge vekk sparekniven nokre månader, til Stortinget i oktober bestemmer rammene for kva helsetenester lokalsjukehusa i fylket skal utføre dei neste tre åra.

Vekkasta arbeid

Det har berre gått ein månad sidan Helse Førde kutta 20 medisinske sjukehussenger i fylket og reduserte tilbodet ved ortopediklinikken i Lærdal kraftig. Sunde fryktar at sjukehusa blir ytterlegare nedbygde dersom Helse Førde må spare inn 20 millionar kroner dei neste fem månadene, slik staten krev. Dessutan meiner ho at arbeidet i dei lokale strategigruppene blir vekkasta.

- Neppe fleire utsettingar

Det er berre eitt år sidan forrige gong Helse Førde fekk utsett kravet om å gå i null. Kommentaren frå styreleiar i Helse Vest, Oddvard Nilsen, gir lite håp om at det vil skje ein gong til.

Stortinget har samrøystes vedteke at alle helseføretaka skal gå i balanse innan utgangen av året. Helse Førde har alt fått lov å sprekke med 30 millionar i år, men manglar likevel 20 millionar - og dei må i tillegg kutte 40 millionar neste år. Ei rekke tiltak er vedtekne, mellom anna nedlegging av ortopediklinikken i Lærdal og 20 medisinske senger ved Førde sentralsjukehus og lokalsjukehsua på Nordfjordeid og i Lærdal. Der er også vedteke ei rekke andre kutt, men nærsjukehsuet i Florø og føden i Lærdal og på Nordfjordeid er freda.

- Lite tilfreds med stoda

Samstundes sa regjeringa i Soria Moria-erklæringa at ingen lokalsjukehus skal leggast ned, og ein omfattande plan for all sjukehusdrift i landet er ute på høyring, og blir vedteken i Stortinget i haust. Leiar Tor Bremer i Sogn og Fjordane Arbeidarparti er difor sterkt uroa og lite tilfreds med faktorenes orden.

Etter at staten tok over drifta av sjukehusa, fekk føretaka ansvar for å bestemme innhaldet i tilbodet, ut frå ei generell bestilling frå departementet, og innanfor dei økonomiske rammene som Stortinget til ei kvar tid bestemmer. Bremer meiner dagens regjering i sterkare grad vil blande seg inn i sjukehustilbodet rundt i landet.

Skeivfordeling

Ei anna side ved problema kring sjukehustilbodet her i fylket, er at Helse Vest får urettferdig lite pengar i forhold til ein del andre føretak. Skeivfordelinga er 6-700 millionar. Dersom dette hadde vorte oppretta raskare, ville det også bety at Sogn og Fjordane slepp rasere tilbod slik ein no fryktar.

- Regjeringa må gripe inn

Sogn og Fjordane Arbeidarparti krev at deira eiga regjering grip inn og stoggar dei nedskjeringane Helse Førde har vedteke ved sjukehusa i fylket. Det må regjeringa gjere ved å utsette kravet til budsjettbalanse, og den beskjeden må komme straks, seier fylkesleiar Tor Bremer.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.