Tillitsvald Åse Helen Aarflot i Helse Førde er svært kritisk til framgangsmåten til føretaksleiinga i forkant av styrevedtaket. - Det blir kutta svingar, slik at tillitsvalde ikkje får talerett, seier ho.
Ikkje nok tid
Aarflot er sjølv med i ei intern prosjektgruppe. Denne gruppa skulle greie ut konsekvensane ved flytting av ei spesialistavdeling frå Sentralsjukehuset i Førde, til eit nærsjukehus i Florø.
Men prosjektgruppa fekk aldri avslutta arbeidet sitt. I staden måtte ein einskildperson i gruppa lage ei hastetilråding til gårsdagens styremøte i Helse Førde. Og vedkomande understreka at tilrådinga var førebels.
Ingen spesialistavdelingar her, vedtok Helse Førde
Likevel vart denne lagt til grunn for at styret i Helse Førde i går, med seks mot tre stemmer, sa nei til flytting av spesialistavdelingar frå Sentralsjukehuset.
Uferdig konsulentrapport
Også firmaet Price WaterhouseCoopers var leigde inn for å greie ut om denne saka, men Helse Førde hadde ikkje tid til å vente på den rapporten heller.
- Dei har tydelegvis god råd når dei leiger konsulentar utan å bry seg om kva konsulentane kjem fram til, seier Aarflot.
Avviser kritikken
Styreleiar i Helse Førde, Tore Thorsnes, tilbakeviser kritikken frå dei tillitsvalde - kritikk som også vart framført under styremøtet i går. Dei tillitsvalde har vore godt representerte gjennom heile prosessen, seier Thorsnes.
Gidd ikkje meir
Med desse vedtaka meiner kommunelege Jan Helge Dale at Helse Førde har skore over moglegheitene for eit vidare samarbeid med Flora kommune i nærsjukehussaka. - Vi brukar ikkje meir tid på nokon som ikkje er interessert i samarbeid med oss, på kun og blott sine eigne premissar, seier kommunelegen.