- Fleire av dei konkrete framlegga som er lagt fram frå Helse Førde er klart i strid med vedtak som er gjort i føretaksmøtet. Det gjeld mellom anna framlegg om å ikkje realisere nærsjukehuset i Florø, og framlegg som vil berøre vedtaket om ei forsterka fødestove i Lærdal, sa Høybråten, og sende ei klar melding til Helse Førde:
Statsråd Dagfinn Høybråten åtvarar Helse Førde. (Foto: Scanpix, Knut Falch.)
- Slike framlegg kan verken Helse Førde eller Helse Vest gjere utan å leggje det fram for føretaksmøtet, og det er eit eksempel på at det blir drive politisk styring på dette feltet.
Føretaksmøtet, det vil seie helseministeren, er det øvste organet for drifta av helseføretaka.
Mange spørsmål
Dei dramatiske kuttforslaga for sjukehusa i Sogn og Fjordane vart ei av hovudsakene i den muntlege spørjetimen i Stortinget i dag. Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, SV og Senterpartiet gjekk til frontalangrep på statråden for mangel på pengar til sjukehusa og for føreslegne kutt ved lokalsjukehus både her i fylket og andre stader i landet.
Storinget ansvarleg
Høybråten returnerte ansvaret tilbake til Stortinget:
- Det dei regionale helseføretaka har å forhalde seg til er dei vedtekne statsbudsjett som Stortinget har vedteke. Hadde dei gjort noko anna hadde dei vore på ville vegar.
Tek ansvaret
Han sa at Stortinget har vedteke at det skal gjennomførast effektiviseringar i helsesektoren, og la til:
- Eg tek ansvaret for den utviklinga som er i sjukehussektoren, og tek ansvar for å følgje den nøye, og tek ansvar for å gripe inn når det skjer ting som ikkje er i samsvar med føresetnaden frå Stortinget, sa Høybråten.