Hopp til innhold

- Helse Førde fører folk bak lyset

Bente Øien Hauge er provosert over at Helse Førde prøvde å skjule at dei vurderer å legge det lokalmedisinske senteret til Sogndal.

Bente Øien Hauge, Linda Kvam Bjørkum og Camilla Grøttebø

Bente Øien Hauge (t.v.) skuldar styret i Helse Førde for å føre folk bak lyset.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Informasjonen kom ikkje fram då Helse Førde presenterte sin strategi for å spare 150 millionar kroner dei neste to åra.

- Eg får skikkeleg bakoversveis. Det går ikkje an å kalle det noko anna enn nedlegging av Lærdal sjukehus når ein skal bygge opp det lokalmedisinske senteret som Helse Førde skal bruke, i Sogndal i 2013, seier Øien Hauge.

- Veldig spesielt

Med helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i salen, orienterte styret i Helse Førde fredag at dei vil erstatte lokalsjukehusa i Eid og Lærdal med lokalmedisinske senter . I strategidokumentet står det at dei vurderer å legge senteret i Indre Sogn til Sogndal, men det vart ikkje nemnt med eit ord på møtet.

- Det er veldig spesielt å stå å snakke om omgjering av to lokalsjukehus, medan det i realiteten er nedlegging av Lærdal, meiner Øien Hauge.

- Svarde ikkje

Lokalsjukehusforkjemparen meiner Helse Førde-styret førde folk bak lyset.

- To ordførarar reagerte på at det var ein figur der det stod "Eid" på den eine boksen og "Indre Sogn" på den andre om desse lokalmedisinske sentera. Både Arild Ingar Lægreid frå Årdal og Arne Sanden frå Lærdal meinte ein anten måtte skrive "Nordfjord" og "Indre Sogn" eller "Eid" og "Lærdal". Eg høyrde ingen i Helse Førde som svarde på det, men det hadde vore eit naturleg høve å vere så ærlege å fortelje at det skal ligge i Sogndal, seier ho.

- På lang sikt

Clara Øberg og Jorunn Ringstad presenterer strategiplanen

Clara Øberg og Jorunn Ringstad presenterer strategiplanen til Helse Førde.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde, avviser at dei har planar om å legge senteret til Sogndal innan 2013.

- Det er klinkande klart at det er i Lærdal som er aktuelt å byggje distriktsmedisinsk senter. Det som er meint, er at ein skal vurdere på lang sikt om ein skal legge det til Sogndal. Det kjem an på folketalsutviklinga, seier Øberg.

Sterke protestar

Planane til Helse Førde vart møtt av mange og sterke reaksjonar . Generalsekretær i Senterpartiet, Knut M. Olsen, meiner det er eit klart brot på Soria Moria 2-erklæringa der det står at ingen lokalsjukehus skal leggast ned.

Øien Hauge meiner det er eit endå klarare løftebrot om det lokalmedisinske senteret i tillegg vert flytta til Sogndal.

Vil ikkje la ligge

Sjølv om Øberg er tydeleg på at det er Lærdal som førebels er aktuelt, så vil ikkje Øien Hauge la dette ligge.

- Vi må jo både vende oss til sentrale styresmakter og konfrontere alle regjeringsparti med at dette er eit løftebrot, seier ho.