Hopp til innhold

- Helse Førde får for mykje

Helse Førde får ein for stor del av pengesekken til Helse Vest, meiner ei arbeidsgruppe i helseføretaket. Gruppa vil flytte 14 millionar til Bergen.

Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

I tillegg kan Helse Førde få mindre pengar til drifta av sjukehuset i Florø neste år.

Meir til forsking

Helse Vest si fordeling av den store pengesekken til sine fire underføretaka Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen og Helse Førde er eit komplisert system. Og det er mange meiningar om kva som er rettferdig. No meiner arbeidsgruppa at forskingsaktivitet skal få meir, undervisning skal få mindre, og det same skal såkalla kostnadskrevjande pasientar.

Helse Bergen blir vinnaren

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det betyr konkret at Helse Førde misser 14 millionar neste år i forhold til årets drift. Også Fonna og Stavanger taper her, medan Helse Bergen blir den store vinnaren, og Haukeland blir eitt av landets største forskingssjukehus. Direktør Jon Bolstad i Helse Førde meiner det er grunn til å stille spørsmål kring dette.

- Det er iallfall grunnlag for å stille spørsmål ved om vi skal auke midlane til forsking med 130 millionar kroner når vi veit at det er knytt store utfordringar til det å drive med pasientbehandling.

- Forverrar alt anstrengd økonomi

I tillegg kjem Sogn og Fjordane dårlegare ut på grunn av desentralisert sjukehusstruktur. Florø blir ikkje rekna som eige sjukehus lenger, og kuttet her blir også kring 14 millionar. Men her kjem eit nytt pilottilskot som det enno ikkje er bestemt storleiken på. Bolstad seier forslaget vil forverre den alt svært anstrengde økonomien i Helse Førde.

- Det er klart at alt som aukar utfordringane våre er uheldig for oss i forhold til å halde oppe eit godt, desentralisert sjukehustilbod.

Gunvald Ludvigsen
Foto: NRK

- Heilt uforsvarleg

- Det er heilt uforsvarleg av Helse Vest å føreslå å flytte 14 millionar kroner frå Helse Førde til Haukeland Universitetssjukehus, seier stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen frå Venstre.

- Å gjere dette på eit tidspunkt då det er fare for kutt i pasienttilbodet blir heilt feil.

Han meiner tvert imot at den spesielle sjukehusstrukturen her i fylket burde gje meir pengar.

- Det omsynet er det lagt for lite vekt på frå Helse Vest, for det er klart at i og med at vi har denne stukturen så kostar det meir, og det må det løyvast pengar til.

Oppgitt

Bente Øien Hauge.
Foto: NRK

Samstundes meiner Helse Vest at heile føretaket får for lite pengar i høve til dei andre helseregionane. Sjukehusaksjonistane håpa at tilbodet ved lokalsjukehusa skulle sikrast når denne skeivfordelinga vart retta opp. Men no viser det seg altså at Helse Vest meiner Helse Førde alt får for mykje pengar. Bente Øien Hauge i Aksjonen Forsvar Lærdal Sjukehus er oppgitt over at Helse Vest vil prioritere forsking.

- Det er slik at når ein ikkje har pengar til mat så pussar ein ikkje opp huset sitt. Når det er så dramatisk lite pengar i helseføretaka til pasienttilbod, så må diverre forskinga vente.