Hopp til innhold

- Helse Førde drøfta i Regjeringa

Problema i Helse Førde har no også blitt diskutert av ei samla regjering. Fornyingsminister Heidi Grand Røys seier ho tok opp temaet på førre regjeringskonferanse.

- Det stemmer at eg har tatt opp situasjonen for sjukehusa i Sogn og Fjordane i regjeringa, seier Grande Røys.

Vanskeleg sak

Helse Førde er blitt ei svært vanskeleg sak for regjeringa.

For helseføretaket er nøydde til å spare inn 60 millionar kroner innan utgangen av neste år. Men med dei fagre valløfta om ein ny helsepolitikk der lokalsjukehusa ikkje skulle utarmast, blir kvart eit kuttforslag til sterke symbolsaker på kva regjeringa eigentleg står for.

- Eg synest det er vanskeleg fordi eg ser at fylket har bruk for dei sjukehusa som er der, samstundes som det må sparast inn, seier ho.

Fire tilbod freda

På den eine sida har regjeringa krevd at pengane skal sparast inn. Samstundes har dei verna nærsjukehuset i Florø, fødestova i Lærdal og fødeavdelinga ved Nordfjord Sjukehus.

Seinast no instruerte dei Helse Vest om å ta opp vedtaket om å leggja ned ortopediklinikken ved Lærdal sjukehus. Men fornyingsministeren ynskjer ikkje å kommentere kva dette fortel om handlingsrommet til Helse Førde

- Det er det helseministeren som må svare på, seier statsråden.

Ikkje hjelp

Noko umiddelbar hjelp til helseføretaket i krise kan ho ikkje love.

- Det betyr berre at Helse Førde må sjå på andre sider ved drifta si. Eg registrerer at dei meiner dei har gjort dei innsparingstiltaka dei meiner er naudsynte. Når helseministeren grip inn er det eit signal om at ein må sjå på andre sider ved drifta, seier Grande Røys.