Hopp til innhold

- Helse Førde blir favorisert

Helse Førde er einaste føretaket i Helse Vest som får mindre pengar til neste år.

Styremøte i Helse Vest

Administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilsen (til høgre), meiner Helse Førde blir favorisert.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

DEBATTER: OPSETH GÅR I PROTEST

Medan dei andre helseføretaka får fleire titals millionar kroner meir i 2009, får Helse Førde ein reduksjon på 2,7 millionar.

- Favoriserer Helse Førde

Det er årsaka til at begeret rann over for nestleiar i Helse Førde styret Kjell Opseth som no vel å gje seg i Helse Førde styret. Administrerande direktør Herlof Nilsen i Helse Vest meiner likevel at dei favoriserer Helse Førde.

- Om det er nokon som i dette budsjettarbeidet er blitt favorisert, så er det Helse Førde ved at dei får gå med underskot, seier han.

For høg aktivitet

Kjell Opseth
Foto: NRK

Helse Førde får 2,7 millionar kroner mindre til neste år frå Helse Vest, medan Helse Bergen til dømes får 87 millionar kroner meir. Helse Stavanger kan plusse på 88 millionar kroner og Helse Fonna, som er omlag like stort som Helse Førde, får 17 millionar meir.

Nilsen meiner at Helse Førde har budsjettert med for høg aktivitet.

Spissar seg til

Tidlegare styremedlem i Helse Vest, Anni Felde, seier at det er godt kjent innan Helse Vest at helseføretaket har ein betydeleg overkapasiet. Ho seier at Helse Førde aldri vil få fred frå Helse Vest før ein vågar å ta debatten om kva sjukehusa eigentleg skal halde på med.

Dermed kan sjukehusdebatten i Sogn og Fjordane bli meir tilspissa enn på lenge med kraftige nedskjæringar også ved lokalsjukehusa. Anten i februar eller mars vil styret måtte avgjerde kor det skal kuttast for å få økonomien i orden.