Hopp til innhold

- Heilt utruleg deilig

Mats Solheim heldt Sogndal inne i opprykkskampen.

Mats Solheim.
Foto: Oddleif Løset / NRK

Kampreferat Sogndal - Løv-Ham

Solheim-heading gav Sogndal-siger

- Det var heilt ubeskriveleg å sjå den gå inn, seier ein glisande Mats Solheim etter at han gjorde 2-1 heime mot Løv-Ham 18 minutttar ut i andreomgang..

Sjølvmål?

Speaker på stadion meinte det var sjølvmål, Solheim sjølv er nesten heilt sikker på at Løv-Ham-spelaren Efe Ehiorobo ikkje var borti ballen etter at han hadde heada den, og tv-bilda gir ikkje noko klart svar på om det var sjølvmål. Innan den tid hadde Rune Bolseth sendt Sogndal i føringa tidleg i 1. omgang, og Cato Hansen hadde utlikna for bergensarane ei lita stund før pause. Solheim kom på som innbytar for Ulrik Flo og fekk sjansen sitt etter eit godt frispark frå Per Egil Flo.

Med i opprykkskampen

Sogndal heng no med i kampen om direkte opprykk. Med 49 poeng ligg dei likt med Kongsvinger og Haugesund, sjølv om Kongsvinger har ein kamp mindre spelt og møter Skeid til tv-kamp tysdag.

- Eg veit ikkje om eg orkar å sjå den. Eg blir så rasande når det ikkje går vår veg, gliser Solheim.