- Det er heilt ubeskriveleg. Det er vanskeleg å tenke at noko slikt skulle skje. Det er sinnsjukt. Det er kanskje det rette ordet, jublar Ferstad medan han er på veg ut dørene for å treffe lagkameratane for å markere 1-0-sigeren.
- Eg skal på jobb i morgon, så vi må halde det med måte, legg Ferstad til.
- Var bra med
Det tidlegare storlaget frå utkanten av bergensområdet bretta opp ermane for å gje langt meir meritterte Brann så god kamp som mogleg. Då det framleis stod 0-0 til pause, såg fyllingenspelarane ei cupbombe i det fjerne.
- LES OGSÅ:
- Eg tykkjer vi klarde å henge bra med i deira tempo. Då vi kom til pause så hadde vi trua på at det kunne gå. Vi gjekk ut i andre omgang som i første og spelte ball, fortel Ferstad som spelte heile kampen som midtstoppar.
(Artikkelen held fram under TV-saka)
Cupbombe
Då Kristoffer Stephensen stanga inn 1-0 ni minutt etter kvilen, vart håpet sterkare. Vel halvtimen seinare var
.- Ein må gå til kvar kamp med håp om å vinne. Det gjorde vi i dag også. Dersom vi heva oss nokre hakk og dei undervurderte oss og fall ned nokre hakk, så visste vi at vi kunne klare det, seier Ferstad.
- Du får testa deg
Også den tidlegare Tornado Måløy-spelaren Tore Rylandsholm fekk speletid mot Brann. Han kom inn som innbyttar fire minutt før full tid. Brann stilte ikkje noko dårleg lag til oppgjeret. I startoppstillinga var mellom andre Jan Gunnar Solli, Hassan El Fakiri, Erik Huseklepp og Diego Guastavino.
I tillegg køyrde trenar Steinar Nilsen inn Bjørnar Holmvik, Cato Guntveit og Petter Vaagan Moen etterkvart som han såg kva veg det bar.
- Vi håpa at dei skulle stille best mogleg lag. Då får du testa deg sjølv kor god du er. No får vi håpe på eit godt lag i neste runde, seier Ferstad.
- Innsats er stikkordet
I år er det 20 år sidan Fyllingen tok seg til finalen ved å slå Brann 2-0 i semifinalen. Sidan har Fyllingen gått frå eliteserien til 3. divisjon. Brann har teke både serie- og cupgull.
- Korleis er det mogleg for eit 3. divisjonslag å slå ut eit eliteserielag?
- Innsats er eigentleg eit godt stikkord. Eg vil ikkje snakke om brann, men tykkjer vi gjorde ein god jobb. God laginnsats, seier Ferstad.
(Artikkelen held fram under TV-innslaget)
Ynskjer Rosenboreg
Medan branntrenar Nilsen vedgår det er
, håpar Ferstad på sterkast mogleg motstand også i fjerde runde av cupen.LES OGSÅ:
- Vi tenkte med ein gang Rosenborg. Det hadde vore vannvittig kult, seier han.
- Ja, å slå ut både Rosenborg og Brann?
- No er det ikkje snakk om å slå ut Rosenborg. I første omgang er det berre å spele mot dei så får vi ta det derifrå, ler midtstopparen frå Høyanger.
P.S. I ein annan cupkamp
.