Hopp til innhold

- Heilt forferdeleg å køyre på E39

– Standarden på vedlikehaldet på E39 mellom Moskog og Våtedalen har vore alt for dårleg den siste veka, meiner tillitsvald Jostein Gjermundstad i Firda Billag.

Brøytebil
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Berre i løpet av laurdag og søndag køyrde tre personbilar av vegen på strekninga. Tjukk is og sporete vegbane gir lisvfarlege forhold, meiner lastebilsjåføren.

– Det har faktisk heilt forferdelege køyreforhold heilt sidan førre søndag. Det er sporete og glatt. Det er jo vinter, men dei har ikkje brøyta vekk snøen. Den har berre blittt nedkøyrt og dermed djupe spor.

Forlangar ikkje stovegolv

Vinteren sett sitt preg også på vegane. Gjermundstad seier han har høg terskel for å klage på vedlikehaldet, men meiner det som er gjort på E39 mellom Mogskog og Våtedalen har vore alt for dårleg siste veka

– Eg forlangar ikkje at vi skal ha stovegolv å køyre på, eg veit kva land vi bur og kva forholda er om vinteren. Men at vi skal ha slike humpete og sporete vegar som det har vore ved Jølstravatnet denne veka, det tykkjer eg ikkje.Berre i helga køyrde tre personbilar av vegen på strekninga.

Krev betre veg

Laurdag vart ei kvinne lettare skadd då bilen hennar hamna i Jølstravatnet like vest for Ålhus. Medan alle involverte kom uskadd frå det etter at to bilar hamna på sida søndag, den eine ved Eikås, den andre ved Svidal.

Kor vidt dette skuldast dårleg vegveddlikehald veit ein ikkje, men Gjermundstad krev at vegen vert betre

– Kor tid skal dei gjere noko? Det er ikkje snakk om tryggleik når det ser ut som det gjer den siste veka.Det er E. Opedal & Sønner er entrepenør på strekninga. Dei viser til Statens vegvesen for kommentar av kritikken.

– Vi har slite

Seksjonsleiar Margot Åsebø i vegvesenet vedgår at vegen ikkje har vore god nok siste veka

– Vi har slite med ruglete vegbane på den strekninga.

Ho seier vidare at kravet til friksjon er innfridd og at dei føl opp entrepenøren nøye.

– Vi har hatt løpande kontakt heile tida og entreprenøren har gjort tiltak kvar dag. Han har gjort det han kan for å få bukt med situasjonen, og tilhøva er no mykje betre enn dei var torsdag og fredag i førre veke.