Hopp til innhold

- Heilt feil av Innovasjon Norge

- Dei vil selja Fundo sitt dyrebare patent ut av landet, seier Fellesforbundet.

Video nsps_upload_2009_2_6_14_3_29_206.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Les og: Refsar Innovasjon Norge

- Eg meiner Innovasjon Norge er eit instrument for styresmaktene som har ansvar for å hjelpe norsk industri framover. Det dei no sender ut er heilt feil signal, seier distriktssekretæren i Fellesforbundet, Oddbjørn Aalen.

Les og: - Kan vere kroken på Fundo-døra

Les og: - Fundo-tilbodet blir avvist

Avviser lokal gruppering

Innovasjon Norge har som storaksjonær i Fundo avvist ei lokal gruppering sitt forsøk på å kjøpe eller leige den kriseråka fabrikken. Dei har lagt forretningsmessige omsyn til grunn, og meiner fabrikken, maskinene og ikkje minst fabrikken sitt verdifulle patent på hybridfelgar er meir verdt enn gruppa kan betale.

Viktig patent

- Det som skjer no er at det sakte men sikkert blir nedstengt i Høyanger. Men det som er veldig ugreitt i denne situasjonen er at dei sit på ein patent dei kan selje. Og det er ikkje greitt for Innovasjon Norge at dei sel den til utlandet utan å mukke. Det er heilt feil signal med den situasjonen norsk industri er i no, seier Aalen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hybridhjulet som vert utvikla ved Fundo i Høyanger.

Patentet på hybridhjulet er det mest verdifulle i Fundo-buet.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Byr 15 mill.

Grupperinga har bydd 15 millionar kroner for Fundo, langt mindre enn den faktiske verdien av fabrikken og alt som følgjer med.

- Forretningsmessig er det kanskje rett, men den gruppa har to agendaer. Å kjøpe eller å leige. Dei kunne i alle fall få sjansen til å overbevise ved å leige i ein periode for å få andre, industrielle eigarar inn. Slik er ser det er det den sjansen Innovasjon Norge ikkje vil gje dei, seier Aalen.