Hopp til innhold

- Harde tider for Helse Førde

Helse Vest får 245 millionar kroner i omfordelingsmidlar i forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram i dag.

Førde Sentralsjukehus
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Det er også lagt opp til ein vekst i aktiviteten med 138 millionar kroner og ein opptrappingsplan innan rus på sju millionar kroner, seier statsråd Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet.

- Får sin rettmessige del

Ho seier at det viktigaste er at no får Helse Vest får sin rettmessige del av helsekronene.

- Er dette slike overføringar som gjer at Helse Førde kan sleppe å kutte i ortopedien i Eid og føden i Lærdal slik som Soria Moria 2-erklæringa opna for?

- Det er sjølvsagt både mitt håp og ønskje, men det er Helse Vest og Helse Førde som må ta dei diskusjonane, seier Navarsete.

- Blir hardt

Men styreleiar Clara Øberg seier at Helse Førde vil ha like store utfordringar som tidlegare.

- Vi går harde økonomiske tider i møte. For 2010 så betyr det at vi får ein auke på 30 millionar kroner og at vi får gå 40 millionar i minus.

Ho seier at dei har byrja arbeidet med å sjå på kva slags funksjonsfordeling dei skal ha og korleis skal tenestene skal drivast.

- Vi skal også ha fokus på samarbeid med kommunane og få dei til å på byggje opp det dei er tenkt til å byggje opp når det gjeld helsetenestene.

For kommunane får i forslaget til statsbudsjett større ansvar for helsa vår. Regjeringa løyver 270 millionar kroner til oppfølging av samhandlingsreformen som skal føre til betre samarbeid mellom kommunane og sjukehusa.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

KVA MEINER DU OM STATSBUDSJETTET? SEI DI MEINING UNDER: