NRK Meny
Normal

Han meiner politikarane driv ideologisk fyllekøyring

Frank Willy Djuvik (Frp) kalla det politikarane gjer med skulane for ideologisk fyllekøyring under torsdagens NRK-sende debatt om skulepolitikk.

Frank Willy Djuvik

IKKJE MEIR REFORM: Frank Willy Djuvik meiner det er meir enn nok av reformer i norsk skule.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Kvar gong det kjem eit nytt regjeringsskifte, så skal ein alltid endre skulepolitikken. Dei politiske partia har store ambisjonar for skulepolitikken, og ser ting dei vil endre, seier Djuvik.

Han peikar på at mange peikar til Finland, og snakkar om suksessfaktorane dei har. Skuleborn i Finland scorar langt høgare enn skuleborn i Norge på dei såkalla Pisa-testane.

– Ein plukkar litt der det er bra, og overser det som ikkje dei er samde i. Men det viktigaste Finland har gjort, er at dei aldri har hatt ei skulereform. Dei har endra skulesystemet undervegs, og late lærarar og skular sjølve få utvikle læringa ovanfor elevane, seier Djuvik.

Må ha tillit til lærarane

Han trur ikkje det er bra for norsk skule å heile tida skulle skifte retning, få nye krav og nye måtar å gjere ting på.

– Eg trur vi må ha tillit til at lærarane er dei som kan dette best. Difor bør vi også ha meir tillit til at lærarane og skulane kan ta meir av styringa i norsk skule, seier Djuvik.

Sveinung Rotevatn (V) understrekar at det ikkje er snakk om svartmåling av norsk skule.

– Men det er mykje som er alvorleg i norsk skule. Det er alvorleg at ein tredel dett ut av vidaregåande utan å fullføre, at vi har 9000 ufaglærte lærarar, og at vi kjem til å mangle 15.000 lærarårsverk om ganske få år, seier Rotevatn.

Treng eit lærarløft

Han legg til at då kan ein ikkje gjere som dei raudgrøne seier, at ein skal framsnakke alt mogleg.

– Vi må gjere noko med det. Eg er samd med Djuvik i at det ikkje er tida for ei kjempestor reform i skulen. Vi har nettopp hatt ei stor reform frå førre regjering, kunnskapsløftet, og den fungerer, seier Rotevatn.

Rotevatn

MEIR LÆRARAR: Sveinung Rotevatn (V) vil ha meir og betre kvalifiserte lærarar i skulen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han meiner den må få setje seg.

– Men vi treng ei reform. Og det er eit skikkeleg lærarløft med femårig utdanning for lærarar, meir til etter- og vidareutdanning, meir fridom og mindre byråkrati. Det kjem vi til å få med eit borgarleg regjeringsskifte, iallfall viss Venstre får ei trygg hand på rattet, seier Rotevatn.

– Men de er usamde om karakterar i barneskulen?

– Ja, vi er sikkert usamde om fleire ting. Men eg er samd med Rotevatn om at den største og viktigaste reforma vi no må gjere, er å satse på lærarane. Det er eit faktum at vi må få fleire og betre lærarar, og dei må få den lønna og den statusen som dei fortener, seier Djuvik.

Samde om noko, og usamde om noko

Han legg til at dei har ein av dei viktigaste samfunnsoppgåvene.

– Det blir ingen legar, ingeniørar eller verdiskaping utan at vi har dei beste lærarane og den beste skulen. Det får ein med ei borgarleg regjering, seier Djuvik.

– Men ei borgarleg regjering med Venstre og Frp er kanskje ikkje den mest aktuelle?

– Vi trur at den beste regjeringa for landet er ei Venstre–Høgre–KrF-regjering. Men vi har sagt at vi skal setje oss ned og snakke saman, alle opposisjonspartia, etter valet. Ikkje minst for å finne ei løysing for skulen. Og då er vi samde om ein del ting, til dømes lærarsatsinga, og så er vi usamde om ein del andre ting, seier Rotevatn.

Venstre er ikkje for karakterar i barneskulen. Dei er heller ikkje for å fjerne sidemålsundervisninga.

– Det skal vi sørge for at Venstre får gjennomslag for, og så skal vi ha ei skikkeleg lærarsatsing, seier Rotevatn.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser