Hopp til innhold

- Har funne båtane

Politiet har no funne dei to båtane som vart stolne i Vik i slutten av forige veke.

Politibetjent i Vik, Ove Andersen, seier båtane vart funne i Øygarden i Hordaland, og at to menn i 30-åra frå Øygarden truleg står bak tjuveria.

I halv sju-tida måndag kveld pågreip politiet mennene heime i husa sine, og dei vart sett i varetekt i Bergen.

Dei to personane blir truleg sendt til Vik tysdag morgon der dei vil bli avhøyrde.

Båttjuveria blir sett i samanheng med ei rekkje andre tjuveri i Høyanger og Gulen den siste tida.