Hopp til innhold

- Har for stor tru på Sogndal

- Folk har urealistisk høge forventningar til Sogndal Fotball, seier leiar i klubben, Rolf Navarsete.

Rolf Navarsete.
Foto: NRK

Rolf Navarsete meiner framleis det er naturstridig at Sogndal skal vere med i toppen av norsk fotball, og tek sjølvkritikk for måten klubben handterte suksessen på då den først kom.

- Den har gjort noko med alle i Sogn og Fjordane, ikkje berre publikum, men også langt inn i våre eigne rekkjer der ein har gløymt historia. Folk hugsar berre dei to-tre sista åra, og så trur ein at det er naturleg for Sogndal å vere i tippeligaen og produsere eit topplag til ei kvar tid. Men det er jo ikkje det, seier Navarsete.  

- Byrja dykk i klubben å tenkje slik også?  

- Ja, det gjorde store deler av klubben og. Sjølv om vi som har vore med i mange år ikkje trudde det, så vart vi på ein måte rivne med av alt rundt oss. Vi hadde ikkje sjanse til å stoppe det.  

- Miste hovudet

Det er ikkje mykje stort og vakkert over Sogndal sine ambisjonar i år. Laget skal bli godt nok til å rykke opp, heiter det seg - dei seier ikkje når. Taktene før fjorårets fiaskosesong  der laget skulle rett oppatt i tippeligaen er vekke. No meiner Navarsete klubben har rista av seg stormannsgalskapen, men at omgjevnadene ikkje har klart det. 

- No er dei heilt urealistiske. I klubben er vi tilbake til utgangspunktet. Då det gjekk som det gjorde i fjor og vi no har fått opp Fosshaugane Campus, så greier vi no å konsentrere oss om sport igjen. Men omgjevnadene trur vi framleis er i tippeligaen og høgt oppe. Når vi les VG og Dagbladet, og ser korleis det vert satsa i norsk toppfotball, vert eg heil rar når folk verkeleg trur vi kan vere der heile tida.  

- Men har dykk ikkje litt av skulda for dette sjølve?  

- Ja, i ettertid kan du godt seie at vi miste hovudet. Vi miste konsentrasjonen og eg trur ikkje det var mogeleg å unngå. Men neste gang når vi kjem i ein slik situasjon har vi vore gjennom det, og då vert det mykje lettare å takle det, trur Navarsete.

- Skal vere blant dei fem beste

Uansett er Sogndal midt oppe i ein annan situasjon no. Medan fjoråret gjekk ut på å byggje vidare på stallen dei hadde, gjer dei no det mange meinte dei burde starta på umiddelbart etter nedrykket i 2004. Dei riv og byggjer nytt. Henrik Furebotn, Per Egil Flo, Alexander Breivik og Mathias Eikenes skal få tid til å etablere seg som sogndalspelarar. Even Hovland og Mats Solheim er på veg inn , og trenar Stig Nord skal prøve å kombinere det med kravet om sportsleg suksess. 

- Eg føler det er litt urealistiske forventningar til Sogndal - at vi skal rykke oppatt i tippeligaen på kortast mogeleg tid. Men vår målsetjing internt i spelargruppa er å vere blant dei fem beste. Men vi ønskjer å justere målsetjinga undervegs viss vi ser at det er mogeleg å leggje lista endå høgare. Målsetjinga skal ikkje vere noko kvilepute, men vi ønskjer å utvikle oss og ta steg for steg, utan at vi nødvendigvis skal ha det forventningspresset om at vi er nøydde til å rykke opp. Det er vi ikkje. Men vi skal rykke opp i tippeligae innan nokre få år, forklarar Stig Nord.  

- Ikkje lett å selje

- Mange vil kalle dette defensivt?  

- Det er ikkje alt som er like lett å selje. Det er enklare å selje at vi skal vere i toppen i tippeligaen enn at vi skal utvikle nok ein ny generasjon. Men dette er kvardagen til Sogndal. Vi må leve med epokar. No er vi ferdige med den beste epoken i Sogndal si historie, med fem suksessrike sesongar på rad. No går vi inn i ein ny fase der vi skal leggje grunnlaget for ein ny slik epoke, som forhåpentlegvis varer endå lenger, seier Rolf Navarsete.