NRK Meny
Normal

Opplever at dei manglar ressursar til å gje nødvendig pleie

Sjukepleiarar ved kirurgisk klinikk på Førde sentralsjukehus meiner dei har for lite tid, særleg i helgane, til å ta godt nok vare på alvorlege sjuke pasientar.

Førde Sentralsjukehus

IKKJE NOK TID: Sjukepleiarar ved kirurgisk klinikk seier dei opplever at dei ikkje har nok tid til å gje god nok pleie.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I ein omfattande rapport som no er send til Fylkesmannen, ved fylkeslegen i Sogn og Fjordane, har sjukepleiarar meldt inn ei rekkje alvorlege hendingar ved klinikken.

Tillitsvald i Sjukepleiarforbundet, Arthur Norevik, seier deira medlemmer ofte opplever at dei har for lite tid til pasientane.

– Ofte høyrer vi at dei ikkje har nok tid til å ivareta pasientane på ein god nok måte etter våre medlemmar si oppfatning, seier Norevik.

«Unødige plager for pasienten»

Rapportane som er kome inn er no sende vidare frå sjukehusleiinga til fylkeslegen. Dei fortel i detalj kva sjukepleiarane meiner manglande bemanning ved avdelinga har ført til. Det blir meldt om ein tøff arbeidskvardag.

Pasient hadde ikkje fått munnstell. Hadde då tjukt gult belegg på tunge og under tannprotese. Pasient har nesten ikkje ete på grunn av kvalme og vond smak i munnen. Dette er unødige plager for pasienten.

Frå melding skriven av sjukepleiar

Avdelinga har over lengre tid no vore svært full. Mange av pasientane er veldig dårlige og har høgt pleiebehov. Ein opplever at der ikkje er nok ressurser i avdelinga til å gje den nødvendige pleie.

Frå melding skriven av sjukepleiar

– Vil det beste for pasientane

I alt 12 meldingar frå sjukepleiarar ved sengeposten på kirurgisk klinikk er teke med i rapporten til fylkeslegen, som no skal vurdere dette nærare.

– Når våre medlemmer melder inn slikt, så er det nettopp for å få ei best mogleg helseteneste til pasientar og brukarane av tenestene, seier Norevik i Sjukepleiarforbundet.

– Føler du at leiinga høyrer på dykk som tillitsvalde i forhold til eventuelle kritiske merknader og kritiske rapportar som kjem fram?

– Eg trur dei høyrer på oss, men vi opplever som andre som melder frå om ting, at ein ikkje alltid får gjennomslag for ting. Men vi får sett fokus på ting og det er viktig i helsevesenet, seier Norevik.

Pasient er fortvila, gret, kun tid til korte tilsyn, ikkje tid for oppfølging.

Frå melding skriven av sjukepleiar

(Artikkelen held fram under biletet)

Tore Dvergsdal

VIKTIG: Klinikkdirektør Tore Dvergsdal i Helse Førde seier det er korrekt av sjukepleiarane å varsle om slike ting.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ein spesiell situasjon

Meldingane som sjukepleiarane har skrive til leiinga ved kirurgisk klinikk er frå oktober til desember i fjor, men etter det NRK kjenner til har det lenge vore intern kritikk til manglande bemanning – ikkje minst i helgane.

Klinikkdirektør Tore Dvergsdal i Helse Førde seier derimot at det var ein heilt spesiell situasjon i fjor haust.

– Vi meiner at vi generelt har den bemanninga som vi skal ha i helgane rundt om i Helse Førde, seier Dvergsdal til NRK.

– Den situasjonen som har oppstått nokre helgar no, har vore fordi vi har hatt for mange pasientar liggjande over i helgar. Dette er ikkje nokon normal situasjon, seier klinikkdirektøren.

– Dette er viktig for oss

Dette skal ifølgje Dvergsdal spesielt dreie seg om helga kring 6. og 7. desember i fjor.

Han meiner det er heilt korrekt at sjukepleiarane har varsla frå om det dei meiner er uforsvarlege tilhøve.

– Dei som har rapportert dette har følt at dei desse helgane har hatt for mykje å gjere, i forhold til dei ressursane dei har hatt tilgjengeleg. Det er klart dette er viktig å ha med seg når vi skal planlegge drifta, seier Dvergsdal.

Glad leiinga tek tak

Tillitsvald for sjukepleiarane, Arthur Norevik, er glad for at leiinga i Helse Førde no har gått vidare med saka til fylkeslegen.

– Ja, det synest eg er veldig bra. Det viser at dei har teke tak i denne situasjonen og bede om ei ekstern vurdering.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser