– I denne saka veit vi ikkje om Solbakken agerar som agent for spelaren eller klubben, seier Trond Fylling til Sogn Avis.
Har bein i begge leirar
Sogndal likar dårleg at Even Hovland (22) sin agent, Jim Solbakken, har beina godt planta i begge leirar. Agent Jim Solbakken er mangeårig kamerat av moldetrenar Ole Gunnar Solskjær.
- LES OGSÅ: Derfor er 2,5 millionar ein vits
- LES OGSÅ: Solskjær med nytt Hovland-bod
– Det er eit problem når Solbakken seier at Hovland berre skal til Molde, seier Fylling.
– Sårande
Agent Jim Solbakken er i utlandet, og har difor ikkje fått lese dagens artikkel i Sogn Avis.
– No har ikkje er lese artikkelen du refererar til, men etter 10 år med jobbing for Sogndal fotball er det sårande å høyre at Trond Fylling sår tvil om min habiliet, seier Jim Solbakken til NRK.
Heile tre gonger har Molde lagt inn bod på Sogndal sin gode midtstoppar. Bodet har lege på same nivå heile tida, truleg mellom 2,5 til tre millionar kroner.
Solbakken avviser spekulasjonane om at han skal ha ei dobbeltrolle.
– Eg har éin jobb, og det er å gjere ein så god jobb for Even Hovland som mogleg. Det veit både Fyllig og Sogndal, seier fotballagenten.
(Artikkelen held fram under biletet)
Skal seljast
Sogndal har bestemt at Even Hovland skal seljast etter sesongen.
Men at stjernespelaren skal til Molde er langt frå avgjort. Nettopp derfor meiner Fylling at Solbakken si tette kopling til Molde er vanskeleg, skriv Sogn Avis.
Ingen andre bod
Sogndal har ikkje fått inn andre bod enn dei frå Molde på Hovland. Men Fylling stadfestar at andre klubbar, både i inn- og utland stadig viser interesse for 22-åringen.
- LES OGSÅ: Sogndal nei til MFK-bod
Fylling meiner Solbakken kan unngå spekulasjonar kring si rolle, dersom har overlet salet av Hovland til ein annan agent.
– Då Eirik Bakke vart seld til Leeds var det gjennom ein anna agent enn den han hadde kontrakt med, seier Fylling.
På spørsmål om han vil vurdere å gjere noko liknande i denne situasjonen svarar Solbakken;
– Eg er den som har følgt Even Hovland tettast dei siste åra. Spekulasjonane til Fylling får stå for hans eiga rekning. Eg trur resten av Sogndal styret i dag er flaue over det Fylling har uttalt.
(Artikkelen held fram under biletet)
Vil ikkje snakke om overgong
Solbakken held korta tett til brystet når det vert snakk om både prislapp og ein eventuell overgong for Hovland.
– Eg gjer ikkje slik som Fylling, som går og sprer informasjon til rundt i media. Eg må seie eg er overraska over framferda til Fylling. Utover det har eg ingen kommentar, seier han.