NRK Meny
Normal

- Håp for forskingsstasjonen

Det er håp om å få behalde forskingsaktiviteten ved Bioforsk på Njøs i Leikanger. Det er konklusjonen til både fylkeskommunen og fylkesmannen etter møte med leiinga for Bioforsk onsdag.

Bioforsk Njøs.
Foto: NRK

I ein ny omstillingsplan blir det føreslått at ni forskarstillingar ved stasjonen skal flyttast til Hardanger. Bakgrunnen er at Biforsk slit økonomisk og må kutte i talet på tilsette.

- Viktig med politisk press

Men fylkesgartnar Torbjørn Takle trur dei skal greie å redde Njøs.

- Ei flytting frå Njøs vil gjere det vanskeleg å drive med norsk bær- og fruktforedling, er hans konklusjon.

Styret i statlege Bioforsk skal hadsame saka 14. juni, men fylkesordførar Nils R. Sandal seier denne saka også dreiar seg om politikk.

- Også her må vi halde trøkket mot den politiske leiinga i landbruksdepartementet. Saka har både regional- og distriktspolitiske sider som eg håpar vert høyrde hos den sitjande regjeringa.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser