Hopp til innhold

- Han var trugande og emosjonell

Ordførar plussa på 70 millionar i økonomiplanen utan å informere rådmannen. Då starta bråket.

Arne Sanden

Rådmann Bent Arild Grytten i Lærdal kjende seg truga av ordførar Arne Sanden (biletet).

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Ordførar Arne Sanden i Lærdal gjorde vesentlege endringar i budsjett og økonomiplanen. Dermed var ordføraren og rådmann Bent Arild Grytten i full klinsj.

- Ordføraren har etter dette eskalert saka hinsides ei kvar rimeleg grense. Det verkar som om ordføraren totalt har misforstått både si eiga rolle og rådmannen si rolle, skriv Grytten i sitt notat.

Plussa på 70 millionar

Notatet vart lagt fram under kommunestyret i Lærdal måndag kveld. Her kjem det fram at ordføraren varsla kommunestyret, men ikkje rådmannen eller andre i administrasjonen då han plussa på 40,6 millionar kroner i økonomiplanen, og 13,6 millionar kroner i budsjettet for 2010. Det skjedde berre halvanna døgn før vedtaket skulle fattast.

- Dette kjem i tillegg til det omstridde ISKS (Indre Sogn Kunstsenter), med ei bruttoinvestering på 31 millionar i 2010 og 2011, skriv rådmannen.

Fekk to val

Bråket starta etter formannskapsmøtet 21. desember, då rådmannen kritiserte ordføraren for det han meinte var dobbeltrolle frå ordføraren si side; både som sakshandsamar og beslutningstakar i komplekse saker. Pressa var ikkje til stades på møtet. Dagen etter vart rådmannen kalla inn på ordføraren sitt kontor.

- Her gjorde han det klart, på ein svært trugande måte, at eg etter dette hadde berre to val. Den eine var å be ordførar og formannskapet om ei uforbeholden unnskulding. Det andre var å levere mi oppseiing. På grunn av ordføraen sin trugande og emosjonelle oppførsel måtte eg forlate møtet etter å ha fått det nemnde ultimatumet fleire gongar, skriv rådmannen.

- Stilte trugande spørsmål

Grytten vart kalla inn til nytt møte med ordføraren 7. januar. Då var også to av hans underordna, assisterande rådmann og personal- og organisasjonsleiar, til stades. Ifølgje rådmannen gav ordføraren uttrykk for at han var lei av å vente på at Grytten skulle nytte seg av ultimatumet og hevda at rådmannen hadde kome med ei krigserklæring overfor ordførar, formannskap og kommunestyre.

- Han avslutta med å stille kvar og ein av oss, harmdirrande og trugande, spørsmål om vi hadde forstått, skriv Grytten.

Varslar fagforeininga

Rådmannen avviser at han har kome med krigserklæring mot nokon i det politiske systemet, men meiner at han har kritisert ordføraren på ein objektiv og rettvis måte.

- Eg, som administrasjonssjef (...) har plikt til å gi uttrykk for det dersom eg meiner det kan vere rettslege manglar ved eit framlegg til vedtak, skriv Grytten.

Stadfestar møta

Sanden vil ikkje late seg intervjue, men stadfestar at møta rådmannen refererer til, tidspunkta og innhaldet i møta stemmer.

Han legg likevel til at rådmannen si tolking av det "emosjonelle nivået" hans må stå for rådmannen si rekning.