Hopp til innhold

- Han spurte meg om reglane

Kaupanger tapte 5-1 for Voss i NM-cupen. - Det er ikkje det verste, dommaren var verre, seier trenaren.

Rødt kort
Foto: Michael Probst / Scanpix/AP

Kjetil Sønnesyn trenar Kaupanger sitt 3. divisjonslag i år.

Tapte 5-1

I første runde av NM-kvalifiseringa rauk laget hans ut etter å ha tapt 5-1 for Voss på bortebane.

- Prestasjonsmessig spelar vi ein grei kamp, mykje bedre enn mot Sogndal 2 i serieopninga, men vi får keeperen vår utvist mot slutten. Då er kampen køyrt, seier Sønnesyn.

Så legg han til:

- Kan eg få seie noko om dommaren?

- Ja, kva då?

- Det har blitt klaga på dommarstanden i Sogn og Fjordane, men i Hordaland må dei verkeleg ha eit stort problem med rekrutteringa. Dommaren kom bort til meg før kampen og spurte om det var "Golden Goal" eller "2x15" ved uavgjort etter ordinær tid. Slikt går berre ikkje, seier ein oppgitt Kaupanger-trenar.

Rapporterer dommaren

Sønnesyn understrekar at dommaren ikkje avgjorde kampen på nokon måte, men han kan ikkje unnlate å rapportere kva som skjedde før kampen.

- Vi må vere sikre på at vi har kvalifiserte dommarar på dette nivået, enkelte ting skal ein vite, seier han.

- Kan reglane

André Knudsen Arnholt heiter dommaren frå Fyllingen. Det var han som dømde kampen mellom Voss og Kaupanger. Sjølv er han godt nøgd med dømminga.

- Eg synst det gjekk veldig bra, seier han.

- Kjetil Sønnesyn seier du spurte han om reglane ved ekstraomgangar før kampen?

- Det er ikkje heilt riktig, eg spurte og svarte i samme setning, seier Arnholt. Eg ville forsikre meg med begge trenarane om at dei var innforstått med regelverket.

- Så du kan reglane sjølv?

- Sjølvsagt, viss ikkje hadde eg ikkje fått dømme kampen i dag, avsluttar Fyllingen-dommaren.