Hopp til innhold

- Han spelar for Sogndal i morgon

Sogndal reknar med at Even Hovland kjem tilbake frå Manchester i kveld, og spelar treningskamp for Sogndal laurdag.

Even Hovland
Foto: Sander Heggheim / NRK

- Vi har ikkje høyrt noko som tyder på at han ikkje kjem heim og spelar treningskampen mot Haugesund laurdag, seier sportsleg leiar i Trond Fylling i Sogndal Fotball.

Då Sogndal-midtstopparen vart kalla tilbake til Manchester United for eit nytt treningsopphald denne veka kunne det tyde på at dei engelske ligameistrane var klare til å kjøpe 20-åringen frå Vadheim.

- Even Hovland gjer heilt rett

Fleire vurderer å hente Hovland

Siste trening fredag

Hovland hadde også eit to veker langt treningsopphald i Manchester før jul. No tyder alt på at Hovland har si førebels siste trening i England fredag, kjem til Norge fredag kveld, og er i startoppstillinga når Sogndal møter Haugesund til treningskamp i Bergen laurdag ettermiddag.

Fylling vil ikkje spekulere i kva dette tyder på med tanke på ein eventuell overgang.

- Han trenar med United no. Det er alt vi veit, sa Fylling til NRK i føremiddag.