- Solheim førehandsdømer

Tidlegare rådgjevar ved Vest Tank i Sløvåg, Karl Jan Erstad, kjenner seg førehandsdømd av miljøvernminister Erik Solheim.

Erik Solheim
Foto: NRK

Det er fire månadar til saka skal opp i Nordhordland tingrett, men i Firda i går uttalte Solheim at "tilsynsorgana ikkje er vande med å handtere reine kjeltringar".

Advokaten til Erstad, Torbjørn Kolås, fryktar at uttalen i verste fall kan påverke dommarane i straffesaka.

- Det er uheldig at vår øvste minister for miljø allereie har konkludert i saka. Med fare for at han er feilsitert så må eg seie at eg synes det er svært alvorlig, seier Kolås.

Konsekvensar

Han er redd uttalen kan få konsekvensar for framtidige meddommarar i saka.

Karl Jan Erstad var rådgjevande agronom hos Vest Tank innan kjemi og er tiltalt for å ha medverka til eksplosjonen ved anlegget i Gulen i Sløvåg.

Beklagar

Miljøvernministeren seier at uttalen ikkje var retta mot eksplosjonen i Sløvåg spesielt, og orsakar dersom dei tiltalte kjenner seg førehandsdømde.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.