Hopp til innhold

- Han er snart eliteseriespelar

Sogndølen Gøran Wigum (20) har forlenga avtalen sin med Kongsvinger, melder KIL Toppfoptball.

Gøran Wigum debuterte for Kongsvinger mot Odd Grenland.

Gøran Wigum i kamp for Kongsvinger mot Odd Grenland.

Foto: Lasse Andreassen/Kil.no

Wigum hadde kontrakt med Adeccoliga-klubben ut 2012, no er avtalen forlenga ut 2014, og klubben seier dei vil satse på han med sikte på å gjere han til tippeligaspelar. Sjølv er Gøran trygg på at han gjort eit rett val.

– Glad i Kongsvinger

– Eg er blitt veldig glad i klubben, og eg forlenga fordi eg fekk tilbod om ein ny og betre avtale som gir meg tryggleik til å satse vidare på fotball. Eg blir verkeleg satsa på i denne klubben, og då syntest eg det var rett å skrive under på ein lang avtale.

– Betyr dette at du kan leve godt av å spele fotball?

– Ja, no kan eg til dei grader leve av det.

16 kampar i Adeccoligaen

Gøran Wigum, som er son til tidlegare Sogndal-spelar Morten Wigum, fekk sin debut i Adeccoligaen mot Ranheim 29. mai. Elddåpen fekk han tre dagar før, då Kongsvinger møtte tippeligalaget Odd Grenland i cupen.

Etter debuten har han spela ti seriekampar frå start og blitt bytt inn i seks kampar. I dei siste kampane var han i startoppstillinga som midtstoppar.

I seriekampen mot Sandefjord sette han inn eit mål etter hjørnespark, og sogndølen har vore sentral i den snuoperasjonen laget har stått for under leiing av Tom Nordlie.

– Plassen er min

– Eg viste på trening at eg var god nok, Tom Nordlie gav meg sjansen, og den sjansen tok eg vare på. No føler eg at den eine midtstopparplassen er min, Kongsvinger satsar på meg, og eg reknar med å vere i startoppstillinga når 2012-sesongen kjem i gang.

Kongsvinger enda på sjuandeplass i Adeccoligaen etter å ha vore nedrykkstruga i store delar av sesongen. Gøran Wigum seier at målsettinga for 2012-sesongen er å vere i toppen.

(Artikkelen held framm under biletet).

Tom Nordlie på KIL-trening

Tom Nordlie satsa på Gøran Wigum.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

– Vil kjempe om opprykk

– No har vi fått ein fantastisk trenar i Tom Nordlie, og vi held på med å styrke stallen. Eg har tru på at vi kan vere med og kjempe om opprykk, og det skal vi.

Gøran Wigum er oppflaska i Sogndal Fotball (han er son til tidlegare Sogndal-spelar Morten Wigum) og spela på juniorlaget til Sogndal før han gjekk til 3. divisjonsspel for Fjøra og deretter til Kongsvinger i 2010. Men sjølv om han er sogndøl har han ikkje planar om retur til heimbygda med det første.

– Tenkjer ikkje på Sogndal

– Eg er sogndøl, ja, men eg kosar meg i Kongsvinger. Akkurat no tenkjer eg ikkje mykje på Sogndal, men vi veit jo ikkje så mykje om kva som skjer i framtida.

Asger Jensby er sportsleg ansvarleg i styret i KIL Toppfotball, og han stadfestar at klubben vil satse på Gøran Wigum.

– Blir tippeligaspelar

– Han var krumtappen i forsvaret vårt i sesongavlutninga. Etter å ha vore mykje plaga av småskadar den første tida her så trena han seg opp til betre fysisk form, og han gjorde det veldig godt då han slapp til.

– Vi har ein grunnleggande filosofi om å utvikle unge spelarar i Kongsvinger. Eg trur Gøran vil utvikle seg til å bli tippeligaspelar, og dersom vi ikkje rykkjer opp sjølv, er vi innstilte på å hjelpe han til ein klubb i Tippeligaen.