Hopp til innhold

- HamKam og Sogndal rykker opp

Sjå tabellen slik trenarane i 1. divisjon trur den blir.

Karl Oskar Emberland og Arne Erlandsen

Karl-Oskar Emberland og Arne Erlandsen har tillit hjå kollegaene i 1. divisjon.

Foto: Montasje: Brit Jorunn Svanes / Scanpix

- Skilnaden mellom Sogndal og HamKam er at HamKam har eliteseriespelarar og betre økonomi. Dei gjorde det tidvis bra i fjor, men fekk dårleg betalt. Dei skal ha føresetnadane for å vere betre enn Sogndal, seier trenar i Stavanger, Cato Andre Hansen.

NRK har bedt alle trenarane i 1. divisjon sette opp tabellen slik dei trur årets sesong vil ende, men utan å plassere sitt eige lag. Arild Stavrum i Skeid nekta fordi han ikkje ville skape revansjelyst hjå andre, elles har alle levert.

"Alle" trur på HamKam

Med unntak av Jan Halvor Halvorsen i Notodden trur samtlege at HamKam vinn divisjonen. Nesten like mange trur Sogndal blir nummer to med Kongsvinger som sterkaste utfordrar. Nyopprykka Tromsdalen, Stavanger, Skeid og Mjøndalen blir tippa på nedrykksplass.

Her er tabellen slik den blir med alle trenartipsa lagt saman:

1. HamKam
2. Sogndal
3. Kongsvinger
4. Moss
5. Hønefoss
6. Haugesund
7. Notodden
8. Sarpsborg
9. Bryne
10. Nybergsund/Trysil
11. Løv-Ham
12. Alta
13. Tromsdalen
14. Stavanger
15. Skeid
16. Mjøndalen

Trur på todelt tabell

- Eg trur tabellen blir todelt der kvar del vil vere involvert i opp- og nedrykkskampen. Det blir få, om nokon, middelhavsfararar før heilt mot slutten av sesongen. HamKam teiknar sterkast og bør vinne greitt. Som vanleg må dei nyopprykka laga slåss for å bli verande. Men det er også stor uvisse rundt den økonomiske utviklinga og korleis den vil prege laga, seier trenar i Bryne, Rolf Inge Teigen.

Omfattande kvalifisering

1. divisjon er i år lagt opp slik at dei to øvste laga rykker direkte opp, nummer tre og fire spelar ein kvalifiseringskamp mot kvarandre, medan lag nummer fem i 1. divisjon og lag nummer 14. i Eliteserien også møtest.
Vinnarane av desse to kampane møtest til ein avgjerande dobbeltkamp om opprykk.

Dei fire siste laga i 1. divisjon rykker direkte ned.