Hopp til innhold

- Halloween utset julemaset

No veit vi det: Halloween har ein positiv effekt.

Halloween

Arkivfoto

Foto: Kolbjørn Opstad, Tananger

For denne irsk-amerikanske tradisjonen er med på å forseinke julemaset, seier BI-professor Arne Nygaard.

Godteri eller rampestrekar

Fredag 31. oktober er det halloween, eller allehelgensaftan som er det norske namnet. Kvelden er den katolske minnefesten for helgenar og martyrar.

Og denne kvelden har særleg vorte feira i USA, der ungar går frå hus til hus for å få godteri. Og får dei ikkje det er det deira fulle rett å gjere rampestrekar.

Stadig fleire feirar halloween

Malin Flatekval Thorstensen i Førde trur ikkje ho skal gjere så mykje gale, men ho gler seg til å feire. Og det er det stadig fleire barn som gjer, seier professor i marknadsføring ved BI, Arne Nygaard.

Ikkje måten å gjere det på

Akkurat dette med at julemaset kjem for tidleg har Bygdekvinnelaget i Sogn og Fjordane aksjonert mot. Men at julemaset skal forskyvast ved at ungar kler seg ut for å skremme andre har dei ikkje heilt sansen for, seier Norunn Hornnes, som har fått mykje respons på meldinga ho og resten av styret i Sogn og Fjordane bygdekvinnelag har sendt ut.

Norunn Hornnes
Foto: Arve Uglum / NRK

Aksjon mot for tidleg-jul

For i år har dei gått til aksjon mot for tidleg julemarkering. Bygdekvinnene har sett seg leie på at butikkane er stappfulle av juleutstyr tidleg på hausten.

- Dei tek jula på forskot, ungane har jo forventning, dei går og gler seg og gler seg, stakkars. Når jula endeleg kjem er dei utlada.

- Færre julenissar i oktober

Og no ser det ut til at bygdekvinnene skal få sitt ønskje oppfylt. I alle fall dersom professor Arne Nygaard får rett i sine teoriar:

- Halloween og thanksgiving er i ferd med å forskyve julefeiringa der den høyrer heime. Etter kvart trur eg vi vil sjå færre julenissar i oktober. Når desse feiringane blir sterkare her i Norge trur eg jula blir tvinga heimatt der ho høyrer heime.

- Gøy i haustmørket

Og det vil nordmenn meir enn gjerne ha, trur Nygaard:

- Det å bruke pengar på noko som er gøy i haustmørket og som lyser opp og er litt utanom det vanlege og bryt den faste, vanlege tralten i haustmørket er ein god idé.

- Blir heilt feil

Dermed spelar bygdekvinnene og Halloween på same lag, skulle vi tru. Men Norunn Hornnes i Bygdekvinnelaget tek ikkje imot bodskapen om at jula blir tvinga på rett plass med spesielt mykje jubel.

- Eg synest dette blir heilt feil.

For sjølv om Halloween forskyver jula, blir det berre ein ny ting å bruke pengar på. Dessutan er det skremmande, meiner Hornnes.

Nei til dauingeskallar

- Eg synest ikkje desse dauingeskallane har noko i eit karneval å gjere. Eg og likar å kle meg ut, det er grådig moro, men det går ei grense.

Kanskje blir det ein ny bygdekvinneaksjon for å stoppe dei nye amerikanske tradisjonane. Men fredag kveld er det ingenting som kan stoppe Malin Flatekval Thorstensen. Ho skal bruke kvelden på å vere skummel, og det første offeret blir veslebroren.

- Eg synest det er gøy å skremme han.