Hopp til innhold

- Hadde ikkje gått i det private

- Å bruke 15 millionar kroner meir enn budsjettert, slik det har skjedd i Tall Ships Races, ville i verksemda mi ha ført til at nokon måtte forlate stillinga si.

Tall Ships`Races i Måløy.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Dette seier Rolf Domstein, styreleiar i Måløy Vekst og sjef for Domsteinkonsernet.

Sjølv sat han i ein av sponssorkomiteeane og den fungerte ikkje.

- Det var litt aktivitet i starten, men etter kvart så tok leiaren for arrangemenet over og køyrde løpet sjølv.

Høyr Rolf Domstein si meining om Tall Ships-skandalen

Ekstern gransking

- I utganspunktet har kommunen eigne organ som skal granske dette, kontrollutval og revisjon. Dersom ikkje dei klarer å avdekke kva som har skjedd og kven som har ansvaret, er det vel naturleg at det kjem inn nokon eksterne, seier Domstein.

- Har svekka omdømet

Under og rett etter arrangementet var det positivt og bra for sjølvtilliten i Vågsøy, meiner Domstein.

- Men no blir vi harselert med, og gjort narr av i fjernsyn, og det er ikkje bra.

- Korleis kunne det gå så gale som det gjorde?

- Det er det ingen som forstår. Det vi etter kvart ser er at det er brukt ein masse pengar som ingen hadde lov å bruke. At noko har gått ut over fullmaktene sine kan det ikkje vere tvil om meiner Domstein.

- For tidleg å seie kva konsekvensane bør bli

- Eg tykkjer det er vanskeleg å kritisere nokon, eller krevje at dei skal ta sjølvkritikk før det føreligg ein rapport som viser kven som har ansvaret. Men då forventar eg jo at dei som har ansvaret tar sjølvkritikk, og tar konsekvensane av det.

- Det vil seie trekke seg?

- Ja, først må vi sjå kva som kjem ut av granskingane, så får vi sjå kva som er ein naturleg konsekvens.