Hopp til innhold

- Hadde aldri venta ein slik auke

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, er svært overraska over ein inntektsvekst på over seks prosent.

- Det tykte eg var svært flott. Eg hadde aldri venta ein slik auke, og vart noko overraska, vedgår ordføraren.

I motsett ende av statistikken, finn ein Solund kommune med ein vekst på to prosent . Lægreid seier inntektsauken vil kome helse- og omsorgssektoren til gode.

- Det betyr mykje, sjølv om vi tradisjonelt har god økonomi, så blir det trongare og trongare også for Årdal kommune, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.