Hopp til innhold

- Gruveutsetting i strid med lova

Miljøverndepartementet kan ha handla i strid med lova i gruvesaka i Engebø. Det meiner advokat og partner Frode A. Innjord i advokatfirmaet Hjort.

Bård Vegar Solhjell

- BRAUT LOVA: Bård Vegar Solhjell har handla i strid med Forvaltningslova, meiner advokat Innjord.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Regjeringa har fått hard kritikk for å ha venta i over eitt år på å avgjere om Nordic Mining skal få starte gruvedrift i Engebøfjellet. Advokaten meiner ventinga er i strid med lovverket.

– Og då er det mykje som talar for at den tidsbruken vi har sett er i strid med forvaltningslova. Det finst ikkje noka god forklaring på at departementet har brukt så lang tid på å kome fram til at dei treng fleire opplysingar.

Protetst mot gruveplanar

FEKK UTSETTING: Dei som protesterer mot fjorddeponi kunne feire, men vedtaket kan vere i strid med lova.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På oppdrag for Norsk Industri

Det er på oppdrag frå Norsk Industri at advokatfirmaet Hjort har vurdert om Engebø-saka har fått ei handsaming i tråd med reglane i Forvaltningslova. I den lova står det at saker skal handsamast utan ugrunna opphald.

Men trass i at dei faglege vurderingane var ferdige for eitt år sidan, venta departementet til no med å gje Nordic Mining avslag på å starte utvinning av rutil i Engebøfjellet.

– Også regjeringa er underlagt denne plikta til å førebu og avgjere saker utan ugrunna opphald, så det er vanskeleg å sjå at dei har forhalde seg på ein førebiletleg måte til reglane i Forvaltningslova, seier Innjord.

Frode A. Innjord

- KRITIKKVERDIG: Advokat Frode A. Innjord.

Foto: Advokatfirmaet Hjort

– Ikkje juridiske følgjer

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell sitt mellombelse nei til gruvedrift i Engebø gjeld fram til nye utgreiingar er på plass. Det vil ta minst eitt år. Det gjer også at så mykje som 160 arbeidsplassar i Sunnfjord kan stå på vent.

Samstundes må Nordic Mining ta nye kostnader, og aksjonærane står i fare for å tape pengar.

Likevel meiner Frode A. Innjord at saka ikkje vil få juridiske følgjer for Miljøverndepartementet.

Årsaka er at lova er tydeleg på at departementet kan innhente tilleggsopplysningar, og det finst heller ingen rettspraksis som tilseier at Nordic Mining kan få erstatning. Likevel meiner han departementet si handtering er kritikkverdig.

– Det er uheldig at det blir brukt unødvendig lang tid i ei slik sak.

Miljøverndepartementet ynskjer ikkje å kommentere denne saka.