Dette er grunnlause påstandar, seier leiar Håkon Lundestad.
- Eg tykkjer det er forferdeleg at vi skal ha organisasjonar som reiser rundt på denne måten og har meiningar som er fullstendig absurde. Det må det snart bli slutt på, for dei har ikkje peiling på kva dei snakkar om, seier han.
- Fleire lovbrot
I går gjekk leiaren i dyrevernorganisasjonen NOAH, Siri Martinsen, ut med sterke påstandar mot pelsdyrnæringa. Organisasjonen hevda pelsdyroppdrettarane stod bak fleire lovbrot, og ville politimelde fleire av oppdrettarane.
- Dei sperrar dyr med instinkt og naturlege behov inn i små og tronge bur. Der må dei leve heile livet sitt, og ikkje få utløp for naturleg åtferd, seier ho.
Større bur innan 2009
Men ifølgje Lundestad har pelsdyroppdrettarane sitt på det tørre.
- Innan 2009 skal alle bura ha ein viss storleik. Eg kan ikkje sjå at pelsdyrnæringa har gjort nokon lovbrot, så det tilbakeviser eg fullstendig, seier han.