Erik Solheim
Det er mildt sagt sjeldan at naturvernforbundet godtek inngrep i vassdrag regjeringa vil verne, og for grunneigar Jens Skjerdal kom det som ei stor overrasking.
Avgjerande for busetnad
Det var i stova på garden til Jens Skjerdal leiaren i Norges Naturvernforbund sa orda, som i fylgje Firda Tidend fekk medlemmene i stortingskomiteen til å merke seg dato og klokkeslett. Jens Skjerdal meiner eit kraftverk er avgjerande for om det skal bli folk buande på garden, og Solheim meiner at naturvernforbundet må ta omsyn til dette.
- Grunnen til at vi går inn for utbygging er at dei store verneverdiane først og fremst er oppe i vassdraget, og der er det viktig at SFE ikkje får flytte vatn frå denne elva til utbyggingane dei har lenger vest, seier Solheim.
- Er ikkje mot all utbygging
Om det er fyrste gongen Norges Naturvernforbund seier ja til ei krafutbygging i eit vassdrag regjeringa vil verne, så meiner Erik Soheim folk flest tek feil når dei trur at han og naturvernforbundet er imot ei kvar kraftutbygging.
- Det som er viktig for oss er å ta vare på dei viktige vassdraga. Og det er dei vassdraga som enno er urørde av større inngrep, seier Solheim.