Hopp til innhold

- Grande Røys held fram i regjering

Ifølgje VG får truleg Heidi Grande Røys (SV) halde fram i regjeringa.

Heidi Grande Røys, Per Rune Vereide og Erling Sande

Heidi Grande Røys har grunn til å applaudere. Trass eit dårleg val, kan ho framleis hamne i regjeringa.

Foto: Brit Jorunn / NRK

SV leverte eit dårleg val både nasjonalt og lokalt, men ifølgje kjeldene til VG vil den noverande fornyingsministeren, Heidi Grande Røys, likevel få halde fram i regjeringa .

Både Grande Røys og Audun Lysbakken skal vere aktuelle som likestillingsminister, ein post SV skal ha ynskt seg for å profilere sin likelønspolitikk.

Laurdag kveld melde også TV2 at Kristin Halvorsen (SV) overlet finansministerposten til Ap, og at ho sjølv tek jobben som kunnskapsminister.

VG har fått stadfesta at noverande kunnskapsminister, Bård Vegar Solhjell, blir parlamentarisk leiar i SV si stortingsgruppe.