- Det er ei skam. Mange menneske med psykiske lidingar har i lang tid venta på dette skal bli eit behandlingstilbod som kan føre folk tilbake til samfunnet. Slik kommenterer Erling Jahn i Mental Helse Norge dei sørgjelege fakta Sogn Avis omtalar i dag.
Redusert drift
Indre Sogn Psykiatrisenter i Sogndal må nemleg starte opp med berre 12 av dei 20,5 stillingane dei skulle hatt. Resultatet blir redusert drift, mellom anna innan rusmiddelomsorga og avdelinga for dei langvarig sjuke. Dette er stikk i strid med regjeringa sin plan om å satse på psykiatrien.
Skuldar på Helse Førde
Erling Jahn plasserer skuldar på Helse Førde. Han seier dei driv ei systematisk nedprioritering av psykiatrien i Sogn og Fjordane.
- Burde teke opp kampen
Han er heller ikkje nøgd med at avdelingsleiaren ved Indre Sogn Psykiatrisenter, Aud Lien, ser ut til å godta stoda. I staden burde dei ha teke kampen for å få etablert senteret på Rutlin som eit fullverdig behandlingstilbod, seier Jahn, som avviser at han overreagerer på noko som kan vere ei lita utsetjing av full drift for psykiatrisenteret. Han er redd for at dette ikkje er ei mellombels løsying.