Hopp til innhold

- Godt at noko skjer med Welheim

Dette synet uroar kapteinløytnant Roger Hoel, skipssjefen ombord på kystvaktskipet KV-Tor.

Slik såg det ut over vraket av fartøyet Welheim utanfor Florø.

Slik såg det ut torsdag då KV Tor passerte over vraket av fartøyet Welhaven utanfor Florø.

Foto: KV Tor

Bilete vart teke klokka 17.25 i det kystvaktskipet passerte over vraket av Welheim utanfor Florø.

- Vi såg eit kontinuerleg oljeutslepp som danna ei kring 10-15 meter brei stripe med blueshine, som gjekk innover fjorden, seier Hoel.

Utsleppet aukar i omfang

Skipssjefen samanliknar utsleppet med dei han har sett frå Welheim dei seks siste åra. Utviklinga på utsleppet gjer han svært uroa.

- Det er ikkje store mengder, men det er vesentleg meir enn tidlegare. Då har det vore slik at vi såg enkelte drypp frå vraket enkelte gonger vi var innom, seier Hoel og presiserer at han det siste halvannan året ikkje har fått følgje med Welheim. Dette på grunn av andre oppdrag.

Oljen var godt synleg over Welheim.

Oljen var godt synleg over Welhaven.

Foto: KV Tor

I svært dårleg stand

Kystvakta har overvaking av "Welheim som ei av oppgåvene. Med sine 300 tonn olje ombord har "Welheim" vore ein miljøtrussel sidan den vart torpedert i Tansøysundet under andre verdskrig. Tidlegare i veka melde Sogn og Fjordane Venstre staten til politiet for brot på lov om vern mot forureining og avfall.

- Det vi såg i dag indikerer at vraket er i særs dårleg tilstand. Difor er det veldig gledeleg å høyre på NRK Sogn og Fjordane at det blir løyvd pengar for å tøme vraket. For det hastar, seier han.

- Svært gledeleg

Statssekretær i Kyst- og fiskeridepartementet, Vidar Ulriksen, seier arbeidet snart skal ut på anbod. Det er løyvd 25 millionar kroner til arbeidet.

LES OGSÅ: Tømmer olje frå 1944

- Det er veldig gledeleg. Ein må få gjort noko med dette vraket. Eg berre vonar at det blir tømt på ein skikkeleg måte slik at ikkje oppdrettsnæringa og fuglelivet i Sogn og Fjordane blir råka, legg Hoel til.