Hopp til innhold

- Glad for tilrådinga frå politimeisteren

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt går inn for at Sogn og Fjordane skal organiserast som ei driftseining i framtida. Dette er ordførar Ola Teigen i Flora nøgd med.

Ola Teigen

USAMD I TILRÅDINGA: Ordførar Ola Teigen (Ap) i Flora meiner det hadde vore best med berre ei tenesteeining i Sogn og Fjordane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg trur Sogn og Fjordane er best tent med ei geografisk driftseining. Det viktigaste er korleis vi får best mogelege polititenester, og det er i lys av det eg meiner ein er betre enn tre. Skal vi sjå ressursane totalt i fylket, eller skal vi fordele dei tynt utover?

Teigen trur ressursar ville blitt flytta til Bergen om det hadde blitt tre geografiske driftseiningar, som var eit av alternativa som var ute til høyring i haust.

– Desse tre einingane blir for små til å levere det spekteret av oppgåver dei skal levere. Det som då vil skje er at ein del etterforskingsmiljø ikkje lenger kjem til å vere i Sogn og Fjordane, men blir sentralisert til Bergen, seier ordføraren i Flora.

Ordførar i Luster Ivar Kvalen.

IKKJE NØGD: Ordførar Ivar Kvalen i Luster.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Men ordførar Ivar Kvalen i Luster er ikkje glad for tilrådinga til Songstad om ei geografisk driftseining.

– Det strir imot det vi i Luster og mange andre kommunar har meint. Vi ville ha tre driftseiningar, for å sikre ei betre fordeling av politifagfolk rundt om i fylket. På den måten kunne vi demme opp for det vi misser ved å fjerne såpass mange lensmannskontor.

– Reknar du med at det no blir slik Songstad tilrår?

– Ja, det reknar eg med.

Politimeister Kaare Songstad meiner det blir best med at Sogn og Fjordane utgjer ei geografisk driftseining.

– No får vi tre store einingar i politidistriktet, der Bergen er ei, rest-Hordaland ei og Sogn og Fjordane ei. Rest-Hordaland og Sogn og Fjordane blir om lag jamstore. Det gir ein god balanse, og for Sogn og Fjordane sin del trur eg det er gunstig med ei sterk geografisk driftseining inn i leiargruppa til politimeisteren.

Kaare Songstad

TILRÅR TRE EININGAR: Politimeister Kaare Songstad.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Songstad valde Lærdal framfor Årdal

Medan Songstad går inn for at Sogn og Fjordane skal vere ei geografisk driftseining, tilrår han ei tredeling når det gjeld det politiet kallar lensmannsdistrikt eller tenesteeiningar.

Han rår til at kommunane Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal, Leikanger og Vik skal utgjere ei tenesteeining. Etter hans tilråding blir det lensmannskontor berre i Sogndal, Lærdal og Vik. Balestrand, Luster, Aurland og Årdal blir lagde ned.

Vidare skal Balestrand, Høyanger, Hyllestad, Gloppen og Bremanger vere med sunnfjordkommunane Førde, Flora, Gaular, Fjaler, Askvoll, Naustdal og Jølster. I framtida blir lensmannskontora i Gaular, Jølster, Askvoll og Hyllestad ifylgje framlegget lagde ned.

I Nordfjord blir Stryn, Eid, Vågsøy, Selje blir ei eining. Her blir lensmannskontoret i Selje lagt ned.