Hopp til innhold

- Glad for å bli kvitt Opseth

Aksjonsgruppeleiaren i Nordfjord, Svein Hansen, er glad for at Kjell Opseth trekkjer seg som frå Helse Førde-styret.

Nordfjord Sjukehus
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

 - Eg vil vere falsk om eg ikkje seier at eg er glad for å bli kvitt Kjell Opseth, seier han til Firda.

- Det er ein motsetnad mellom Opseth og Nordfjord sine interesser. Han har gjeve klar beskjed om at eitt sjukehus i Sogn og Fjrodane er hans agenda, seier Hansen. Han har ikkje noko namn på kven han vil ha inn i styret.

- Men det må vere personar som ser Sogn og Fjordane som ein heilskap og ikkje på død og liv skal samle alt i Førde, legg han til.