Hopp til innhold

- Gjerland må gå

Førde Frp krev at ordførar Nils Gjerland i Førde trekkjer seg frå styret i Sunnfjord Energi.

Nils Gjerland
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Vi krev at Nils Gjerland skal trekkje seg frå styret og krevje ny generalforamsling, og at han kjem med ei unnskyldning til Frp, veljarane våre og innbyggjarane i Førde for den handlinga han har gjort, seier Frank Willy Djuvik, som er gruppeleiar i Frp.

I tillegg vil Frp ta saka vidare til kontrollutvalet for å sjekke kor vidt ordføraren har gjort noko ulovleg.

- Braut politisk avtale

Djuvik hevdar førdeordføraren har brote ein politisk avtale som skulle sikre Førde Frp plass i styret i Sunnfjord Energi. Førde har i lag med seks andre kommunar og BKK rådvelde over kraftselskapet, noko som gir eigarkommunane millioninntekter kvart år.

Etter valet i fjor lovde dei borgarlege partia kvarandre at Førde Frp skulle få plass i dette viktig styret mot at dei støtta Gjerland som ordførar og i tillegg gav frå seg plass i formannskapet. På generalforsamlinga for ei veke sidan takka likevel Gjerland ja til å sitje i styret. Djuvik har berre eitt ord for den handlinga.

- Rett og slett svikefullt, seier Djuvik.

- Han stilte opp som motkandidat. Viss eg i hadde stilt opp som motkandidat då vi skulle velje ordførar i bystyret, ville eg ikkje følgt avtalen, forklarer Djuvik.

Vil ikkje trekkje seg

Ordførar i Førde likar dårleg å bli kalla for ein løgnar og å bli skulda for å ha utført ei svikefull handling. Nils Gjerland kjem ikkje til å trekkja seg frå vervet som styremedlem i det nest største kraftselskapet i Sogn og Fjordane.

- Ikkje på grunn av dette, seier han og avviser at dette var avtalt spel.

Frank Willy Djuvik er skuffa over at Gjerland nektar å gå frå styret i Sunnfjord Energi. Men kjem ikkje ordføraren på andre tankar, vil det få følgjer for samarbeidet mellom dei to partia etter valet om tre år, seier Frp-politikaren.

- Viss Nils Gjerland ynskjer vår støtte, må han gjere opp for det han har gjort mot oss, seier han.