Hopp til innhold

- Gjer borna ei teneste - set grenser, oppmodar lensmann

«Kvar einaste dag denne sommaren skjer det lovbrot i Bremanger. Lovbrot som ikkje alle foreldre syns det er so nøye med.»

Espen Gulliksen

LEI: Lensmann i Bremanger Espen Gulliksen meiner foreldra må slutte å sjå mellom fingrane med små lovbrot som ungdomen gjer.

Foto: Maria Pile Svåsand

Slik opnar lensmannen sitt innlegg på Facebook, som er blitt delt over 500 gonger på Facebook.

– Det er ganske omfattande og eg ser det dagleg. Særleg no i ferien er vi slepphendte med kva ungane får lov til og ikkje. Det kan godt hende jenta eller guten har god greie på det, men det handlar om å setje grenser, seier Espen Gulliksen.

«Det kan vere at dei let eigne ungdomar køyre moped utan hjelm eller før dei er gamle nok. Då slepp dei maset frå poden.»

Espen Gulliksen, lensmann i Bremanger

I innlegget på Facebook nemner han fleire lovbrot som han trur foreldre seg mellom fingrane på, som til dømes å la ungdomar køyre traktor, moped eller ATV på eigedomen eller cruise rundt i båt før dei er gamle nok til det.

US-HOVERBOARDS

LOV ELLER IKKJE: I følgje lovverket er det ikkje lov å køyre hoverbrett med hastigheit over 6 km før ein er 16 år. Dette er ein av lovene foreldre syndar mot, meiner Gulliksen.

Foto: ROBYN BECK / Afp

– Det kan verke ganske uskuldig, men det handlar om moral. Når er det greitt å bryte lova?, spør Ellingsen.

Redd for smitteeffekt

Han meiner det er spesielt på sommaren litt for unge får sleppe til med ting dei ikkje har lov til å køyre rundt på eller i.

– Er det eit større problem i til dømes Bremanger, der det er færre politifolk?

– Eg håpar det ikkje er derfor. Frykta for å bli tatt av politiet bør ikkje vege tyngst. Frykta for å bli skadd eller å skade andre bør vege tyngst.

«Eller kanskje ungen skal få lov å køyre Hoverboarden, for den lova forstår vi ingenting av uansett.»

Espen Gulliksen

At emnet engasjerer er tydeleg. På Bremanger lensmannskontor si Facebookside er innlegget heftig diskutert. Mange er samde med lensmannen, medan andre meiner det er bra at ungdomen får ta del og prøve seg heime under "trygge forhold".

«Med dette vil eg seie at eg når som helst, også på mi fritid, kan slå ned på lovbrot av alle slag. Resultatet kan vere at eg kallar deg og din håpefulle inn til eit avhøyr på lensmannskontoret, og i yttarste konsekvens kan du få både bot og inndraging av førarkort.»

Espen Gulliksen

Når lensmannen er på ferie spring han ikkje etter dei som han ser bryt lova, men han er merksam og legg merke til det. På jobb vil han gripe inn overfor dei lovbrota han ser. Oppmodinga er i alle fall krystallklar.

– Foreldra får gå i seg sjølve, ta seg i nakken og vere litt tøffare mot poden.