NRK Meny
Normal

- Gjennombrot for reiselivsmuseum

Fylkesutvalet sa i går ja til å løyve fem millionar kroner til eit første byggesteg for det nasjonale reiselivsmuseet i Balestrand.

Sjølv om løyvinga formelt skal opp på Fylkestinget i april, ser Balestrand-ordførar Erland Fagermoen dette som eit gjennombrot for museumsplanene.

- Det er eit gjennombrot. Viss dette går i gjennom kan vi starte med det første byggjesteget, seier han.

Ved Kviknes hotell

Reiselivsmuseet skal byggast i tilknyting til Kviknes hotell, og hotellet startar bygging av ny konferansesal alt i haust. Då må reiselivsmuseet samstundes bygge sitt magasin av praktiske årsaker. Viss ikkje, blir det ikkje museum.

55 millionar

Heile reiselivsmuseet kostar 55 millionar, men fylket har tidlegare bestemt at museet kjem etter opera i Nordfjord og kunstmuseum, og dermed seier staten at det ikkje blir statlege midlar før tidlegast i 2008. Difor var museumsforkjemparane pressa opp i eit hjørne. Men med innstillinga frå fylkesutvalet trur Fagermoen at reiselivsmuseet kjem.

- Ja, no er eg 98 prosent sikker, seier han.

 

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast