Hopp til innhold

- Gir speleavhengige eit ansikt

- Det er eit veldig bra initiativ av Ørjan Hopen å starte ei støttegruppe for speleavhengige, seier direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Atle Hamar

ROSAR INITIATIVET: Direktør Atle Hamar.

Foto: Vegard Fimland

Komande måndag, den 19. mars, sit Hopen klar på ei adresse i Sogndal. Med seg har han to representantar frå Anonyme Gamblere Norge. Der håpar han at han kan hjelpe andre, og få hjelp sjølv.

– Eit signal om at det nyttar

Lotteri- og stiftelsestilsynet har i mange år hatt oppsyn med dei negative biverknadene av det stadig aukande tlbodet om spel i alle mogelege variantar. Difor helsar direktør Atle Hamar initiativet til Ørjan Hopen hjarteleg velkomen.

– Det at han som ein profilert fotballspelar set namn og ansikt på det mange faktisk slit med og no får i gang ei støttegruppe er eit signal om at det nyttar.

– Dette kan gjere dei speleavhengige medvitne om eigne problem. Samstundes kan dei få støtte til å gjere noko med det og få informasjon om kvar dei kan få hjelp.

Mellom hjelpetiltaka er hjelpelinjen for speleavhengige. Det er og behandlingstilbod både innan det offentlege helsevesenet, Blåkors har eit tilbod, og det finst og private tilbod.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørjan Hopen matchvinnar heime mot Brann

STARTAR STØTTEGRUPPE: Ørjan Hopen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Nærare 40 000 speleavhengige

– Kor stort er problemet her i landet?

– Den siste granskinga vår viste at det er mellom 35 000 og 40 000 speleavhengige, tidlegare har talet vore større, men det er iallfall temmeleg mange som slit med problemet.

– Vi høyrer at Ørjan Hopen fekk kreditorar på nakken og fekk trugsmål frå dei han skulda pengar. Er dette vanleg for dei som er speleavhengige?

Dette er problem vi har høyrt om i mange år. Folk som blir speleavhengige får store økonomiske vanskar, mange får familieproblem og andre sosiale problem, enkelte misser jobben og er rett og slett ute og køyrer.