Nokre skrubbsår, forfrosne fingrar og føter er dei synlege skadane etter dramaet han har vore gjennom den siste veka. Mange hadde gitt opp håpet om at Arne Gjerde i heile tatt var i live. Etter tre døgn aleine på fjellet, dårleg kledd og nesten utan mat og drikke, vart han i går funnen av eit redningshelikopter.
Arne Gjerde var redd, men han gav aldri opp håpet. - Eg tenkte berre på å halde med meg i live. Eg håpa at mange tenkte på meg og ba for meg, seier Gjerde.
Grov snøholer
Han skulle eigentleg berre på ein kort tre-timarstur på Vikafjellet. Han fortel at han miste spora til løypa han gjekk i. Det vart mørkt, og etter ei stund fann han ut at han måtte grave seg ned. Ved hjelp av ski og stavar grov Gjerde ei snøhole. På seg hadde han berre ei dongeribukse, ein genser og ei termojakke. Lue og vottar hadde han ikkje med seg. I sekken var det nokre få skiver, eit par appelsinar, eit eple og litt kaffi.
Vanskeleg leitearbeid
Til tross for at Gjerde hadde sendt tekstmelding om at ingen skulle leite etter han, vart folk heime naturleg nok bekymra, etterkvart som timane og natta gjekk. Om morgonen vart leiteaksjonen sett i gang, men dårleg ver gjorde leitearbeidet svært vanskeleg. Hytter og område for område vart saumfart utan resultat. I snøhola hadde Gjerde gått tom for mat, og situasjonen var no begynt å bli kritisk.
Var redd
Gjerde seier at han ikkje sov på tre døgn. - Eg var vaken heile tida, det var rett og slett på grunn av kulda. Timane vart veldig lange. Han fortel at han var redd den siste natta i fjellet. - Då begynte det å bli litt kritisk. Eg hadde fått frosten i meg og småskalv heile natta.
Mykje å takke for
At det gjekk bra denne gong, kan Arne Gjerde prise seg lukkeleg over. Og han er ikkje i tvil om at han har mykje å takke redningsmannskapet for. Ei dramatisk avslutning på påskehelga til tross, balestrendingen har ingen planar om å legge skia på hylla. Men neste gong skal han ha med meir klede og utstyr.