Gassen sprengte seg ut gjennom eit produksjonsrør, og bobla opp frå havbotnen. Men i tillegg til eksplosjonsfaren over havflata, lurte det ein fare nedanfrå. Snorre A står ikkje på havbotnen, den flyt i sjøen. Og når vatnet blir fullt av gassbobler får plattforma mindre oppdrift. Og blir det nok gass i sjøen kan den rett og slett søkke. Odd Magne Bakken seier situasjonen var livsfarleg.
I løpet av natta vart 181 personar evakuerte frå Snorre A til naboplattformene, og berre 35 mann vart att. Odd Magne Bakken nektar ikkje for at det var ei rar kjensle å sjå dei andre forlate Snorre A medan han skulle prøve å tette lekkasjen.
Skulle ta eksamen
Sørlendingen har arbeidt nesten utan stans sidan lekkasjen vart oppdaga i går kveld, og var den første som fekk reise til land av dei som har arbeidt med å tette lekkasjen. Årsaka er at han skal ta eksamen, og fekk derfor permisjon.
Sliten men glad
Foto: Steinar Lote
Plattformarbeidaren var sliten då han kom med helikopter til Florø lufthamn måndag føremiddag. Han seier det var ubehageleg å vere att på plattforma då dei 181 andre vart evakuerte, men er glad for at dei greidde å stoppe lekkasjane.
Robotar forseglar
Arbeidarane stoppar lekkasjen ved å pumpe inn tung væske slik at den sig ned og tettar utsleppet, og deretter brukar dei robotar til å sveise att lekkasjeområdet.
Det er ikkje teke noko avgjerd på kor tid dei andre arbeidarane kan koma attende til Snorre A-plattforma. Først må arbeidet med robotane gjerast ferdig.