NRK Meny
Normal

- Gammaldags og lite attraktivt!

Grunnen til at akvakulturstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vert lagt ned er at det er utdatert, meiner leiar i Vestnorsk Havbrukslag, Ola Braanaas.

Ola Braanaas
Foto: NRK

- Det er trist at studiet ikkje oppnår søkjarar, for det er ei viktig næring som har ei stor framtid. Men det har vore nedgåande søkjartal for akvakulturstudiet i Sogndal i mange, mange år. Det er eit spørsmål om ikkje skulen må gå gjennom studiet sitt og gjere det meir marknadstilpassa, slik at det vert meir interessant for søkjarar, seier Ola Braanaas i Vestnorsk Havbrukslag.  

- Undervisninga gått ut på dato

- Meiner du at studiet, slik det er no, er uinteressant?

- Ja, eg meiner studiet er gått ut på dato i forhold til det behovet som er i oppdrettsbedrifter. Skulen må sjølv gjere ei analyse på kva slags behov som er ute i næringa, og innrette studiet etter dette, seier Braanaas.  

- Skulen si eiga skuld 

Prosjektleiar for bedriftsnettverket som støttar studiet, Helge Robert Midtbø, seier dei har prata med fleire potensielle studentar, og ser føre seg eit par grunnar til kvifor ingen søkjer.

- Dei maritime næringane har slite dei siste åra. Men det har jo snudd valdsamt det siste året. Det andre kan vere den negative fokuseringa frå høgskulen si side, på at styret i november ville leggje ned studiet. Og også rett før søknadsfristen gjekk ut var det uro om ein i heile teke skulle starte opp eit studium eller ikkje. Det er klart at slike ting også påverkar ungdommen. Eg er heilt overbevist om at at det er ein medverkande årsak, seier Midtbø.

- Om ikkje Sogndal, så Bergen...

No ønskjer bedriftsnettverket å komme i kontakt med Universitetet i Bergen. Dei meiner nemleg at der er eit sterkt behov for eit akuakulturstudium. Og dersom ikkje Høgskulen i Sogn og Fjordane klarar å få ungdomen til å søkje, håpar Midtbø at tilhøva kanskje er annleis i Bergen.

- Vi er avhengige av å ha tilgong til eit miljø og til studentar. Sidan Høgskulen i Sogn og Fjordane no ikkje tek inn studentar, så må vi knytte kontaktar med andre fagmiljø. Og det ville det vere naturleg med Bergen. Korleis bedriftsnettverket vil jobbe fram mot eit eventuelt opptak i 2007 for akvakultur ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, må vi bruke hausten til å vurdere, seier Helge Robert Midtbø i bedriftsnettverket.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast