Ap-politikaren meiner næringsministeren ikkje har løfta ein finger for å berge arbeidsplassane i Årdal og Høyanger. Hydro har førebels sagt nei til modernisering av smelteverka.
Kan misse 700 arbeidsplassar
I dag har Hydro-leiinga vore i Høyanger og informert om kva konsekvensane kan bli dersom det ikkje blir modernisering av verket. Over 700 arbeidsplassar kan forsvinne i bygda dersom Hydro ikkje moderniserer. Og Høyanger-ordførar Kjartan Longva er einig med partifelle Olav Akselsen om at næringsminister Ansgar Gabrielsen må vise meir initiativ.