Hopp til innhold

- Fylket er vanskelegast å flyge i

Sogn og Fjordane kan vere det vanskelegaste fylket å flyge i med redningshelikopter. Sidan basen opna i Florø i september, har redningshelikopteret hatt 39 oppdrag.

Fjordspenn frå helikopter

UTFORDRANDE: Sognefjorden med sine mange kryssande kraftlinjer kan vere ein utfordrande stad å flyge med redningshelikopter. Til no i år har Sea King-helikopteret i Florø hatt 39 oppdrag.

Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

- Personleg vil eg seie Sogn og Fjordane er Norges vanskelegaste stad å operere i. Det er på grunn av alle fjordane og alle spenna, som er helikopterets største fiende. Særleg langs Sognefjord og i Nordfjord er det mange kryssande kraftlinjer, seier fartøysjef Trond Egil Hilstan.

- Når nauden er som størst, kan vi fly under spenna, men då bør det vere svært kritiske oppdrag, legg han til.

Har hatt 39 oppdrag

2. september opna justisminister Knut Storberget Florø-basen til 330-skvadronen etter mange års politisk kamp og grunnlaget for basen.

Sidan då har mannskapet på Sea King-helikopteret mange gongar fått bryne seg på svært vanskelege forhold.

Til no har redningshelikopteret hatt 39 oppdrag. 17 av desse har vore søk og redningsoppdrag, medan 22 har vore reine ambulanseoppdrag.

Kjem seg raskare på vengene

Mannskapet har no flytta frå hotell, der dei lenge budde, og oppheld seg no permanent på basen.

I praksis betyr det mykje for beredskapen. Tidlegare trong mannskapet 35-40 på å komme seg på vengene - no er dei i lufta på om lag sju-åtte minutt når det hastar.

- Søkjeoppdraga våre varierer frå folk som ikkje vil bli funne, til folk som vil bli funne. Ofte er terrenget så kupert at helikopter må til for å leite, seier Hilstan.